Nynorsk under lupa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Forskningsmiljøa har også tatt innover seg situasjonen der mange melder overgang frå nynorsk til bokmål. Ein språkleg lekkasje som breier om seg, seier Johan Myking som er instiuttleiar for Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier ved Universitetet i Bergen til lnk.no.

Han syner òg til at mange har problem som nynorskbrukarar både i utdanning og i arbeidslivet, og meiner difor det blir viktig å få fram meir forskningsbasert kunnskap om kva som til dømes påverkar språkvalet.

– Det er veldig mange ting som påverkar språkvalet som elevane skal ta. Dei blir påverka av skulen, men kanskje vel så mykje av samfunnet rundt. Korleis dei blir behandla på skulen og påverka av samfunnet rundt er ting som me må forska vidare på, seier Hege Myklebust, høgskulelektor i norsk ved Høgskolen Stord/Haugesund.

Les òg: – Nynorsk er ein fordel

Nettverket UH-nett Vest består av Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Volda og Høgskolen Stord/Haugesund. Tysdag denne veka hadde desse institusjonane eit seminar i Bergen der dei diskuterte om det er mogleg å få på plass ein auka forsking på nynorsk. Der tok dei opp tema som korleis ein kan forske på nynorsk i skulen, nynorsk fagspråk, korleis ein kan fornye nynorskforskninga og korleis ein kan handtere nye tekstformer.

Les òg: Nynorsk kraftsentrum i Bergen

– Me hadde ein idèdugnad på ulike prosjekt, og det kan godt hende fleire aktørar set i gang eigne prosjekt no framover. Seminaret vil uansett bli fylgt opp vidare, seier Myking til LNK.no.

Han legg vekt på at dette er eit sentralt tema på Universitetet i Bergen der han arbeider, og hjå dei andre utdanningsinstitusjonane i nynorskområdet. Likevel ser han ikkje vekk frå at det kan bli lurt å også trekkje inn resten av landet i arbeidet.

– Universitetet i Bergen har også markert seg med eit eige språksenter og ein språkpolitisk strategi. Det er likevel ikkje meininga at dette skal bli eit vestlandsprosjekt, det handlar vel meir om at ein plass må ein byrje. Etterkvart blir det viktig å få med andre deler av landet også, slår Myking fast.

Les saka på LNK!