Beste oppslutnad sidan 1909

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgre går fram 3,1 prosentpoeng til 35 prosent og posisjonerer seg som det største partiet i landet. Det viser ei måling som InFact har laga for VG.

Høgre har dermed gått forbi Arbeidarpartiet, som også går fram, men ikkje like mykje. Ap får 31,1 prosent på målinga, ein framgang på 2 prosentpoeng.

Dei andre partia fell, med unntak av Venstre som held seg i ro med 5,8 prosent.

QUIZ: Kva veit du om Høgre?

Framstegspartiet fell 2,4 prosentpoeng til 11,3 prosent. Kristeleg Folkeparti går tilbake 1,1 prosentpoeng til 4,8 prosent. Sosialistisk Venstreparti taper 0,7 prosentpoeng og får støtte frå 3,4 prosent av dei spurte, medan Senterpartiet går tilbake 0,2 prosentpoeng til 4,8 prosent. Raudt får

1,8 prosent på målinga, ein tilbakegang på 0,3 prosentpoeng.

Høgres oppslutning er den største partiet har hatt sidan stortingsvalet i 1909. På grunn av Høgres oppslutning, blir dei borgarlege partia klart større enn dei raudgrøne. Samansetjinga ville ha gitt 66 stortingsrepresentantar frå Ap, Sp og SV, og 102 representantar frå H, Frp, KrF og V. (©NPK)