Avslører søkjarar på Facebook
Søkjarar til Nynorsk Mediesenter vert avslørt på sosiale media. Ifølgje senterleiaren er det mange som ikkje skriv på nynorsk, sjølv om dei seier at dei elskar det.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
"Elskar" nynorsk på Facebook
Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten, leiar for Nynorsk Mediesenter, i bloggen sin.
– Ikke eit sjakktrekk
Mange av søkjarane til Nynorsk Mediesenter skriv i søknaden at dei har nynorsk som hovudmål, likvel skriv mange av dei bokmål på Facebook og Twitter.
– Slik skriv også folk frå tjukkaste "nynorskland", det er ikkje lenger spesielt for dei som openbert er mest opptekne av å kome seg inn i NRK. Å skrive bokmål på sosiale media og "elske" det i søknaden er ikkje eit sjakktrekk for å kome inn på NRK Nynorsk mediesenter, heller tvert om. At ikkje folk skjønar det har eg vanskeleg for å forstå, skriv Øvrebotten på bloggen sin.
Finn "røyndommen" på Fjesboka
– Det undrar meg meir og meir kor lite folk tenkjer på at det dei skriv og legg ut på sosiale media vert lese av folk dei søkjer jobb hjå. Og at det ikkje nyttar å pynte søknaden når "røyndommen" på Fjesboka riv ned alt, og i vårt tilfelle også avslører at det ikkje er så nøye om dei skriv bokmål eller nynorsk.
Ho legg vekt på at Nynorsk Mediesenter leitar etter folk med språkleg ryggrad til å tole det presset og haldningane nynorsken er utsett for, både i arbeidslivet og privat.
– Ekstraarbeid
– Språket kan ikkje vere likegyldig for dei, dei må stå ved det og orke alt det ekstraarbeidet det kan medføre å vere nynorskbrukar – både i media og elles. At nynorskbrukarar kan skrive både nynorsk og bokmål held vi for sjølvsagt, det skal dei ha lært på skulen, held ho fram.