Leiarkandidat for Sosialistisk ungdom, Andreas Halse, om korleis ungdom kan få meir makt og kva som må gjerast med bustadpolitikken.

mm
Faktaboks

Namn:
Andreas Halse

Alder:
25

Skule/arbeid:
jobba som servitør, i grunnskulen og i barnehage. Teke nokre fag på UiO. 

Favorittfag på vidaregåande:
Gym 

Verv:
Fagleg leiar i SU, Fylkestinget for SV i Akershus (hovudutvalg for utdanning og kompetanse) 

Medlem i:
SU, Ungdom mot EU, Skolenes Landsforbund (fagforbund i LO) 

Kva gjer du i fritida/hobby:
Er glad i å trene, reise og i å ete god mat.

LES FAKTALUKK FAKTA

Andreas Halse er nyleg innstilt som ny leiar av Sosialistisk Ungdom, og vil truleg bli valt på landsmøtet som byrjar 23. juni på Hamar.

Kvifor treng norsk politikk Sosialistisk Ungdom? 
– Det er ikkje først og fremst norsk politikk, men ungdom i Noreg som treng Sosialistisk Ungdom. Me trengst for å organisere ungdom til kamp for ei solid yrkesopplæring, eit anstendig arbeidsliv, eit skikkeleg løft for buss, bane og tog, ein meir rettferdig bustadpolitikk og for ein betre fordeling av rikdomen me har i Noreg. 

– Sosialistisk Ungdom er òg viktige fordi me er av dei få som tør å seie at me jobbar for eit alternativ til dagens økonomiske system. Det er ingen naturlov at det skal vere meir lønnsamt å investere på børs enn i reelle verdiar, at einskildpersonar skal kunne vedta å leggje ned arbeidsplassar som går med overskot eller at eigarskap i føretak skal vere avgrensa til ei handfull personar. Sosialistisk Ungdom jobbar for eit alternativ til dagens økonomisk system der me set produksjon, fordeling og demokrati i fokus, framfor spekulasjon og finans. 

Kva er det som har gjort at du har engasjert deg? 
– Erkjenninga om at det einaste som kan føre til store, positive forandringar er målretta organisering over tid. 

Kva må gjerast for å få fleire grøne industriarbeidsplassar? 
– Norske politikarar må få tilbake trua på produksjon! Det er uforståeleg for folk at den norske staten kan investere i handlegater i London og Paris, men ikkje kan satse på langsiktig og framtidsretta industriproduksjon i Noreg. Me treng ein aktiv eigarskap i norsk industri som me forvaltar i fellesskap. 

– Å satse på industrien i Noreg er å satse både på velferd i framtida og på klimaet. Arbeidarar i Noreg sit på verdifull kompetanse og avansert utstyr som gjer at dei produserer mest miljøvennlig og effektivt i verda. Å få til endå meir miljøvennleg produksjon av produkt verda treng samstundes som me byggjer ut miljøvennleg energi kan vere eit av Noregs viktigaste bidrag til å løyse klimakrisa. 

Kva må endrast med bustadpolitikken, slik at fleire unge kan få høve til å kjøpa seg husvære? 
– Først og fremst må me endre korleis me ser på bustad. Nokre meiner at bustad først og fremst er ein vare på lik linje med alt anna. Eg meiner at bustad bør vere ein rett. 
– Det tyder at det må bli mindre attraktivt å bruke bustad som spekulasjonsobjekt og det må førast ein aktiv politikk for å sikre billege utleigebustader og inngang på eigedomsmarknaden for unge menneske. Reint konkret må me skattleggje bustadspekulasjon, styrkje husbanken, byggje VELDIG mykje og kommunane må slutte å tenkje profitt når dei leiger ut. 

Kvifor vil du arbeide for at fleire elevar på yrkesfag skal bli engasjerte i Sosialistisk Ungdom? 
– Elevar på yrkesfag og unge arbeidarar har ikkje god nok politisk representasjon i dag. Eg trur mange opplever stor avstand mellom politikarar og folk flest. Det gjer at mange utfordringar ikkje blir høyrt og at løysingane blir dårlegare. Eg ynskjer å breie ut medlemsmassen vår, slik at fleire stemmer blir høyrt og politikken vår blir endå betre. 
– Dessutan trur eg Noreg er heilt avhengig av at me set fokus på dei folka som skal skape verdiar og styrkje velferda vår i framtida om me skal klare å løyse morgondagens utfordringar. Eg synest det er fint at me i Noreg har lik høve til å ta høgare utdanning, men me er samstundes avhengig av at langt fleire enn i dag søkjer seg inn på linjer som helse og sosial, elektro, bygg og anlegg, transport og så bortetter. Då må me sørgje for at det er attraktivt å gå ut i arbeid med denne bakgrunnen og at folk får respekt og betalt for jobben dei gjer. 

Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer? 
– For det første må me senke stemmerettsalderen til 16 år. Er det eit språk politikarar forstår er det frykta for å miste veljarar. Utover det er det tre ting som gjeld; organisering, organisering og organisering. Det er berre i fellesskap og i kraft av den samla styrken vår ungdom i Noreg er i stand til å påverke politiske avgjersler i vesentleg grad. 

Kva blir skilnaden på deg som leiar av Sosialistisk Ungdom og Olav Magnus Linge, som no takkar av? 
– Eg og Olav er samd i mykje, men einskilde vil nok meine at eg kan vere litt røffare i kantane. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE