Innvandrarane inntek universiteta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innvandrarane inntek universitet

– Eg har alltid hatt høge ambisjonar, og det har difor vore naturleg for meg å ta høgare utdanning, seier Samina Ansari.

Ho vart fødd i Afghanistan, og flytta til Noreg som 10-åring. No studerer ho juss på Universitetet i Oslo (UiO).

Tilstandsrapporten til Kunnskapsdepartementet for universitet- og høgskulesektoren for 2012 syner at stadig fleire nordmenn med ikkje-vestleg bakgrunn tek høgare utdanning. Best ut kjem jentene med ikkje-vestleg bakgrunn, og halvparten av desse studerer i Oslo.

– Utdanning er fridom
– Eg er ikkje overraska over desse tala i det heile. Eg merkar jo òg sjølv at talet på kvinner av utanlandsk opphav som tek høgare utdanning aukar, seier Ansari.

Ho kjem sjølv frå ein høgt utdanna familie, men mora hennar måtte til Russland for å bli professor sidan kvinner ikkje hadde lov til å ta høgare utdanning i Afghanistan.

QUIZ: Kva veit du eigentleg om innvandring?

– Eg trur at mange kvinner med innvandrarbakgrunn ser på høvet til å ta høgare utdanning som eit symbol på fridom. I mange ikkje-vestlege land er det jo svært vanskeleg for kvinner å studere, seier jusstudenten.
Ansari trur årsaka til at det er fleire kvinner enn menn med innvandrarbakgrunn i akademia har samanheng med at det er sjeldan kvinner i ikkje-vestlege land har høve til å vere likestilt med menn.

– Eg kan ikkje snakke for alle kvinner med innvandrarbakgrunn, men for meg verkar det som om årsaka til at det er flest kvinner er at dei set større pris på høvet til å utdanne seg, seier ho.

– Mange kvinner har nok høgare ambisjonar òg, samstundes som dei nok tenkjer på å bruke utdanninga som ein del av likestillingskampen. Når dei først har høve til å studere på lik line med alle andre, gjer dei gjerne det. Det er jo gjennom utdanning og kunnskap ein får makt, legg ho til.

– Eg ser positivt på høgare utdanning, spesielt for kvinner av utanlandsk opphav. Det er eit viktig steg mot å bli integrert. Det er ein måte å syne samfunnet og verda at ein kan, og vil, gje noko att, seier Ansari.

Les og: Sjå kor mange innvandrarar det blir!

– Norske studentar tek utdanning som sjølvsagt
Ho merkar òg skilnaden på etnisk norske studentar og studentar med innvandrerbakgrunn.

– Norske studentar tek høvet til å ta høgare utdanning for sjølvsagt, og det er kanskje difor mange innvandrarar er flittigare studentar. Nordmenn tek nok litt lettare på studietida, og driv meir med fest og moro. Men det gjer jo eg òg! Eg meiner, kor mange gonger er ein 20 år? ler Ansari.

Les meir i Universitas!