– Du må opp i puls

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar ved NTNU har funne ut at éin av ti er såkalla non-respondarar når det gjeld kondisjonstrening, som i praksis tyder at dei ikkje kan få betre kondisjon. Jan Helgerud, som er professor i medisin, har likevel ikkje sett noko til dette i studia sine.

– For meg verkar problemstillinga ikring non-respondarar som ei avsporing, seier Helgerud.

Han seier at ein uansett kan bli betre i idrett, anten ved å betre seg teknisk i idretten eller ved å trene styrke.

– Folk skal ikkje uroe seg for om dei er non-respondarar, og det bør ikkje brukast som ei sovepute.

Må opp i melkesyreterskel
– Vi har lenge visst at lengda på treninga ikkje kan erstatte intensiteten, seier Helgerud.

Dersom du ynskjer å drive med golf, er det vel og bra, men det aukar ikkje O2- opptaket og har dermed inga helsebringande effekt på den fysiologiske helsa di.

Han fortel at effektiv trening på hjartet er trening der pulsen er over 85 prosent av makspuls, altså over den såkalla melkesyreterskelen. Der bør han liggje til saman minst femten minutt, slik som han gjer ved til dømes 4×4 minutt intervalltrening.

–Poenget med intervalltrening er å auke pumpekapasiteten til hjartet, seier Helgerud.

Det er maksimalt O2- opptak som fortel om den fysiologiske helsa di. Dårleg pumpekapasitet gjev auka fare for livsstilssjukdom.

Helgerud poengterer at forsking syner at overvekt i seg sjølv ikkje aukar risikoen for livsstilsjukdomar

– Trent flesk er lite farleg, seier Helgerud.

Les òg: Aktive tenåringar blir smartare og rikare

Hjelp ikkje å gå til Dragvoll
Dersom målet for treninga er å bruke energi, har du ifølgje Helgerud mange måtar å nå fram på. Ein kan til dømes køyre langturar der pulsen ligg på 70 prosent av makspuls.

– Denne typen trening derimot er ikkje like effektiv for hjartet. I praksis tyder det at det ikkje vil bli mykje lettare å gå til Dragvoll neste gong du gjer det, kan Helgerud fortelje.

Han meiner at dersom ein gjennomfører eit par intervalltreningar i veka, og dessutan litt aktivitet elles, kan ein velje kva den andre aktiviteten skal bestå i.

–Om du rir på hest, er det berre bra for hesten, seier Helgerud.

Han meiner at ein difor i tillegg må trene med tanke på hjartet.

Les òg: Treninga med livet

Les saka i Under Dusken!