Kan tvingast til pensumkjøp
Eit nytt forslag kan gjere kjøp av kompendier obligatorisk når studentar melder seg opp i eit emne, anten dei ynskjer det eller ikkje.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Digitale kompendier blir planlagt innført i høgare utdanning. Kopinor er i dag den einaste utgjevaren i Noreg som har opphavsrett på pensumhefter. I digitaliseringa ynskjer Kopinor ei ordning kor universiteta må betale til selskapet basert på kor mange studentar som meldar seg opp i emner som brukar kompendier. Konsekvensen av forslaget kan vere at studentane endar opp med rekninga.
– I praksis er dette innføring av ei tvunge studieavgift. Dette bryt med gratisprinsippet i norsk høgare utdanning, seier fagpolitisk ansvarleg Jens Folland i Norsk Studentorganisasjon (NSO).
Forslaget kan bli ein realitet når Universitets- og Høgskolerådet (UHR) og Kopinor no skal forhandle fram ein ny kompendieavtale.
Folland meiner Kopinor sitt forslag er lite nyansert, og ynskjer alternative løysingar.
– Mange studentar bruker i dag biblioteket for å få tilgang til pensum, og det er trist om biblioteksordninga blir svekka som konsekvens av at studentane blir tvunge til å nytte seg av kompendia, seier han.
Truar valfridom
Fag- og forskingspolitisk nestleiar Jon Mikkel Haugen ved Studenttinget (STi) meiner Kopinor si løysing truar studentane si akademiske friheit.
– Dette blir ei låst ordning, kor studentane blir bunde til å nytte seg av det pensum som er i kompendiet. Det er mange studentar som er interessert i alternativ litteratur i staden for kompendia, seier han.
Haugen meinar det er vanskelig for universiteta å unngå at studentane blir den tapande parten, på tross av at det er stor misnøye blant utdanningsinstitusjonane mot forslaget.
– Dersom forslaget går gjennom, ser eg ikkje andre utfall enn at universiteta blir tvunge til å sende regninga vidare til studentane. Sjølv om Kopinor ikkje har lagt direkte føringar i dette, er det den einaste trulege løysinga, seier han.
Universitets- og Høgskolerådet ynskjer å snu selskapet sitt forslag på hovudet.
– Vi vil at kompendiene også i digitale versjonar skal selgast direkte til studentane, i staden for via universiteta, seier generalsekretær Ola Stave ved Universitets- og Høgskolerådet.
Fryktar piratmarknad
Administrerande direktør Yngve Slettholm i Kopinor utelukker at ein kan selge dei digitale kompendia direkte til studentane.
– For å levere kompendia enklast mogleg, er det ein føresetnad at vi forholdar oss til universiteta, og ikkje enkeltstudentar, seier Slettholm.
Han hevder studentane må kjøpe kompendier uansett kva for ordning som blir tatt i bruk, og er ueinig i at ordninga kveler studentane sitt frie pensumval.
– Sjølv om ein må kjøpe kompendier betyr ikkje det at ein mistar moglegheita til å nytte anna litteratur, og studentane får via biblioteket tilgang til det lesestoffet dei sjølv ynskjer å nytte, seier Slettholm.
Han er redd for at piratkopiering blir utbredt dersom ein ikkje sel kompendia gjennom utdanningsinstitusjonane.
– Ved å fakturere universiteta med totalsummen sikrar ein at forlaga faktisk får betalt for bruken. Alternativet hadde vore å innføre kopisperrer eller andre begrensingar som både hadde blitt dyrt, og svært komplisert å gjennomføre, seier Slettholm.
Han poengterar at Kopinor eig dei fulle opphavsrettigheitene på kompendier.
– Noko mange studentar ikkje er klår over er at kjøp og sal av brukte kompendier er ulovleg, seier Slettholm.
Lovar prisnedgang
Sjølv om prisen på dei digitale kompendia endå ikkje er fastlagt, lovar Slettholm at dei vil vere vesentleg billigare enn dagens papirutgåver.
– Kompendier utgjer i dag ein svært liten del av utgiftene studentane brukar på studielitteratur, og prisen vil gå betrakteleg ned med det nye systemet. Eg kan ikkje skjøne korleis dette skal rokke ved gratisprinsippet, når det faktisk er med på å byggje det opp, seier han.
Slettholm hevder at Kopinor ikkje legg føringar i korleis innbetalinga frå studentane skal vere, og at det ikkje er sjølvsagt at det blir ei obligatorisk innbetaling ved emneregistrering. Avtalen med UHR er ein mønsteravtale, og ifølge Slettholm er det opp til kvar institusjon å velge korleis dei gjennomførar innbetalinga.
– Det kjem neppe til å stå noko om eventuell fakturering til studentene i avtalen, ettersom dette vil inngås mellom den enkelte institusjonen og Kopinor, seier han.
Tener opphavsmenna
Jon Mikkel Haugen ved STi forkastar Slettholm sin påstand om at studentar også under Kopinor sitt forslag har moglegheita til å oppsøke alternativ litteratur.
– Dette er ikkje eit gyldig argument. Ein kjem ikkje unna at mange studentar blir tvunge til å betale for eit produkt dei ikkje er interessert i, seier han.
Haugen meiner forslaget ikkje bunner i eit ynskje om å tene studentane.
– Prioriteringa til Kopinor har gjennom heile prosessen vore å sikre interessene til opphavsmenna. Kopinor har sitte og bestemt på kammeret sitt, og studentane har vorte fullstendig eksludert, seier han.
Han meiner selskapet ikkje har utreda moglegheita for kopisperrer godt nok.
– Kopinor har bestemt seg for denne ordninga frå starten av. Eg skulle likt å sett dokumentasjon på at alternative løysingar ikkje er gjennomførbare, seier han.
Aukt monopolisering
Prorektor for utdanning og læringskvalitet Berit Kjeldstad ved NTNU meiner forslaget til Kopinor er for rigid.
– NTNU meiner prinsipielt at det er viktig at studentar får lov til å ta eigne val når det kjem til pensum. Eg forstår godt at studentane blir frustrerte om dei får denne ordninga tredd over hovudet, seier ho.
Kjeldstad seier NTNU ikkje har tatt stilling til korleis dei vil forholde seg til ein avtale kor dei blir belasta totalsummen for kompendier.
– Eg håper og trur at Universitets- og Høgskolerådet klarar å forhandle fram ein god mønsteravtale. NTNU har ingen alternativ klåre på dette tidspunktet, seier ho.
Kjeldstad er også kritisk til at forslaget vil føre til at Kopinor sitt monopol vil utvidast til nye arenaer.
– Det er problematisk at Kopinor ynskjer å gå frå dagens ordning kor dei berre har opphavsrett på kompendier, til å gå over til å også bli distributør av desse, seier ho.
Om Kopinor får vilja si, vil overgangen til digitale kompendier tre i kraft tidligast hausten 2013, og den tradisjonelle ordninga med papirkompendier vil eksistere også neste semester. Den nye avtalen vil vere klår når forhandlingane mellom UHR og Kopinor er ferdige 30. juni.