Ei lita nynorsk stormakt

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Norsk Barneblad er barndom. Det er Smørbukk og vitsar og teikningar og gåter. Eg fekk min fyrste brevvenn i Norsk Barneblad, og no har eg funne henne att på Facebook, fortel Audhild Rotevatn, som var innom spalta Brevvenner.

Ho er ei av mange kjente nordmenn, som har sendt inn eigne tekstar, vore med i ordskifta og søkt brevvenner. Halldis Moren Vesaas, Jon Lilletun, Aasmund Nordstoga, Brit Bildøen, Agnes Ravatn og Lars Vaular, er berre nokre av dei som har vore i spaltene.

– Bladet har vore eit felles referansepunkt og ein liten nynorsk stormakt, fortel Eirik Helleve, som er aktuell med jubileumsboka Skrinet med det rare i. 

Moral framom lesarglede
Sysvorti Norsk Barneblad kom med fyrste nummer januar 1887. Sjølv i nynorskkrinsar seier ein i dag kanskje heller svarttrost, om fuglen som gav namn til bladet. 

– Den fyrste redaktøren Kristen Stalleland var oppteken av å gje unge lesarar historier på nynorsk frå bygdemiljø. I starten var ungane i forteljingane så gode og prektige, at moralen mest sto i vegen for lesargleda, forklarar Eirik Helleve.

Dei fyrste åra var det mange økonomiske krise, og redninga var velståande målmenn, som mellom anna arrangerte hestelotteri. I den mangslunge historia åt bladet, har og innhaldet utvikla seg gradvis. Frå starten var det hovudsakeleg forteljingar og andre stykke. Snart kom det fleire bilete, det vart opna for lesarbrev og ein starta lage julehefte. Og i 1938 dukka Smørbukk opp for fyrste gong. 

Også han har forandra seg gjennom åra. Under teiknar Solveig Muren Sanden, flytta han til eit område som likna hennar heimtrakter i Telemark. Han har og vorte mindre oppteken av å stele mat og elles triveligare med åra. Men framleis held han til på baksida av bladet. 

– Bladet var ein verkeleg suksesshistorie på 60- og 70-talet. I 1978 var det heile 17 000 abonnentar, forklarar Helleve.

Gradvis gammaldags
– Gardane i Norsk Barneblad må få installert silo og mjølkemaskin, skal Einar Økland ha sagt. Og på 80-talet stupte opplaget. Både fordi bladet delvis vart oppfatta som gammaldags, og born fekk fleire tilbod og ungdomstida starta tidligare. 

Ein av dei som las Norsk Barneblad på 80-talet, var forfattar Erlend Kaasa.

– Det eg hugsar aller best, var spalta ”ordskifte”, som bogna av meir eller mindre engasjerte lesarinnlegg. Sjølv må eg ha drøymt om å bli ein del av debattantkorpset, for ein dag tok eg mot til meg og sende inn ein tekst der eg gjekk til knallhardt åtak på den dåverande redaktøren. Grunnen var at det i eit nummer av bladet, hadde blitt hevda at lærarar gav guteelevar meir hjelp enn jenteelevar. Eg gjorde ein freistnad på å tilbakevise denne påstanden, og avslutta resonnementet ulogisk nok, med ei lidenskapeleg hylling av Bruce Springsteen(som eg ikkje kunne fordra), forklarar Kaasa. Som aldri seinare skreiv inn til ”Ordskifte”, men som heldt fram å abonnere til ungdommen tok han.

Stormakta var borte, men fornyinga kom. Mindre bygdeliv, teikneserien Annika som tok opp tøffare tema og fleire artiklar. 

Elitisme
Å lese Norsk Barneblad – er å få sitt eige namn i posten, ta sidemål lettare om ein bur i bokmålsområde og ingen dum start, ifylgje redaktør Nana Rise-Lynum. 

– Det er familiane som kjenner oss som les oss. Dei som har lese bladet, vil gjerne at ungane og skal lese bladet, fortel Rise-Lynum. 

I sterk konkurranse med internett og vrimmelen av fritidstilbod, har bladet i dag nesten 4000 abonnentar, 5 prosent av dei bur i Oslo. 

– Vi kan nok seie at vi har ei elitisk lesargruppe. I lesarbreva vi får, er det lite skrivefeil og eit høgt nivå på argumentasjonen. Det som har skjønt det, har skjønt det, avsluttar redaktøren.