Meir pengar frå bankane til lokalsamfunna

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir frå bank til lokalsamfunn

Sparebankane og sparebankstiftingane deler kvart år ut ein del av overskotet til såkalla allmennyttige føremål. Ifølgje Nationen var den samla gåvesummen i 2010 700 millionar kroner, mot 200 millionar i 2003. Auken kjem av at norsk økonomi går bra, og bankane er sterke.

Regjeringa tek i Finansmarknadsmeldinga til orde for meir medvit om kva midlane går til, og statssekretær Morten Søberg (Sp) ønskjer at bankane skal satse på tiltak som fremjar folkestyre og folkeopplysing.
 
– Det er interessant og oppløftande dersom vi ser meir av tiltak som styrkjer demokratisk deltaking og offentleg ordskifte, seier han til avisa.
 
Men næringspolitisk direktør Ole Morten Geving i Sparebankforeininga vil ikkje å låse tildelingane til spesielle område.
 
– Gåveordninga har utvikla seg over tid og er ein demokratisk institusjon som fungerer godt. Det er folk med kjennskap til lokalsamfunna og behova der som avgjer kva midlane skal gå til, og slik bør det halde fram i vere, seier han. (©NPK)