Aktive tenåringar blir smartare og rikare

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Trening gjer deg rikare

Er du i god form som ein tenåring, vil du òg bli betre til å lære å forplikte seg i samfunnet seinare i livet.

Investering i rørsle får effekt langt opp i 50-års alderen, der du kan sjå markerte skilnader. Personar med ein aktiv ungdom bak seg har betre utdanning og tener meir enn sine meir passive jamnaldrande.

Les òg: Treninga med livet

Det syner ein stor svensk studie som involverer 1,2 millionar menn, inkludert 1432 einegga tvillingar.

Forskinga er utført av Maria Åberg, lege ved Center for Brain Repair and Rehabilitation ved Gøteborg Universitet.

– Ein god fysisk arbeidskapasitet og kondisjon i 18-år alderen fører ofte til høgare sosioøkonomisk status og utdanningsnivå opptil 36 år seinare, seier Åberg ifølgje Videnskap.dk

Miljø viktigare enn arv
Ho meiner at den omfattande studien syner at trening ser ut til å fremje læring fordi fysisk trening påverkar plastisiteten til hjernen og dermed betre evne til å forbetre læringsevne.

Les òg: Stadig yngre born opplever press

Spesielt studiet av einegga tvillingar er ifølgje Maria Åberg interessant fordi desse på trass av dei felles gena og felles oppvekst har store skilnader i livsløpa sine, avhengig av om dei har mosjonert eller ikkje.

– Tvillingar med den beste kondisjonen utviklar sin logiske tenkjing og språkforståing meir, altså intelligens. Det er klart at miljøfaktorar spelar ei viktigare rolle i livet enn gen, seier ho.

Kondisjon, ikkje styrke
Studien syner at det er kondisjon, ikkje styrke, som heng saman med logisk tankegang og språkleg oppfattingsevne.

– Å ha bra kondisjon tyder òg at ein har god hjarte- og lungekapasitet, og at hjernen får mykje oksygen. Dette kan vere ei årsak til at vi ser ei tydeleg kobling til kondisjon og ikkje muskelstyrke, seier Michael Nilsson, professor ved Sahlgrenska akademin i Göteborg, ein annan forskar som deltok i analysen av resultata av studien.