Gutane kan få kjønnspoeng

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Komité for kjønnsbalanse i forsking (Kif-komiteen) la fram ei høyringsuttale 18. april der dei stiller seg positive til innføring av kjønnspoeng for det underrepresenterte kjønn ved utdanningar som klart har ei skeiv rekruttering.

Det er særleg på sjukepleie det blir opna for å innføre eit slikt tiltak, med mål om å oppnå ein likare kjønnsfordeling på studiet.

Bør gjenspegle samfundet
Kif-komiteen har i uttalen sin mange grunnar som talar for innføring av kjønnspoeng.

Det er særleg fokus på at ein likare kjønnsbalanse vil auke kvaliteten på utdanninga, og dessutan at det vil truleg vil bidra til at fleire av gutane fullfører studiet. Dette vil igjen skape fleire rollemodellar, noko som vil gje tilvekst av gutar over tid.

Tiltaket med kjønnspoeng skal kome i tillegg til andre konkrete tiltak for å betre rekruttering, og skal opphøyre når kjønnsfordelinga over tid viser ein 30/70 fordeling.

Få gutar
På sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen i Sør Trøndelag (HIST) er gutane klart i mindretal. Dekan Anne Tveit opplyser at dei på bachelornivå no har ein del gutar på berre 10 prosent.

– Vi har som mål å auke dette til i overkant av 25 prosent i løpet av ein fireårsperiode, seier Tveit.

Ho seier det ikkje er lett å få gutar til å velje utradisjonelt, og stiller seg positiv til forslaget frå Kif-komiteen.

– Vi har ikkje diskutert dette forslaget konkret her på HIST, men eg har lese det med interesse og meiner dette er noko som bør takast opp på eit nasjonalt nivå på sjukepleiarutdanninga, seier Tveit.

Helsar velkommen
Sigrid Grande er snart ferdig med andre året av sjukepleieutdanninga ved HIST, og er òg tilhengar av forslaget.

– Det er absolutt eit positivt forslag, og det er trong for gutar på denne utdanninga. Det er gunstig både for utdanninga og det vidare yrkeslivet, seier ho.

Grande er ikkje bekymra for at det skal opplevast urettferdig.

– Det finst då mange utdanningar der jenter har fordelspoeng, så eg ser ikkje at det skal vere noko annleis for gutar på studium med overvekt av jenter, seier ho.

Jan-André Mraz Hagen, som òg snart er ferdig med 2.året, er heilt samd.

– Viss dei ynskjer fleire gutar, er nok dette einaste veg å gå, seier han.

Mraz Hagen fortel vidare at det merkast godt at både studiet og yrkeslivet er dominert av jentene, og han trur det er sunt å få fleire gutar inn i yrket.

LES HEILE SAKA I UNDER DUSKEN!

Kva meiner du om forslaget? Trur du det vil hjelpa på å gje gutar ekstrapoeng?