– Viktige steg for auka berekraft

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Fiskeriministeren meiner forslaga er eit stort steg vidare for å sikre ein berekraftig oppdrettsproduksjon.

Lakselus og genetisk påverknad frå rømt oppdrettsfisk er rekna som den mest alvorlege miljøpåverknaden frå norsk oppdrettsnæring, ifølgje Havforskingsinstituttet.

I ein ny rapport utarbeidd av Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet, i samarbeid med Fiskeridirektoratet, Mattilsynet og Norsk institutt for naturforsking, blir det foreslått førstegenerasjons målemetodar og fagleg baserte grenseverdiar for påverknad frå rømt oppdrettsfisk og lakselus. Det er forslag om å innføre eit prinsipp med varslingsindikatorar som utløyser auka overvaking og verifisering av tilstanden i fjordar eller elvar, heiter det frå fiskeri- og kystdepartementet.

To indikatorar
Havforskingsinstituttet opplyser på eigen nettstad at det etter forslaget er snakk om to ulike sett med indikatorar for både lus og genetisk påverknad – med tilhøyrande grenseverdiar.

LES OGSÅ: Vil ha åtskilde område for havbruk

Det eine settet indikatorar blir kalla varslingsindikatorar og skal fange opp uheldig miljøpåverknad på eit tidleg stadium. Verifiseringsindikatorane skal brukast til å slå fast om miljøtilstanden er innanfor politisk bestemte rammer for kva som er akseptabel påverknad.

I rapporten er det òg forslag om oppgraderte overvakingsprogram, både for lakselus og genetisk påverknad. For lus har ein òg utvikla to smittespreiingsmodellar som hjelpemiddel til å vurdere smittepresset mot villaks, og for å styre tiltak for å halde lusesmitte under det som er akseptabelt nivå.

Vil be om oppfølging
Fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen var til stades ved opninga av Hardangerfjordseminaret 2012 i Øystese fredag, der ho i innlegget sitt snakka om forslaga til indikatorar og akseptgrenser for kva som skal vere akseptabel miljøpåverknad frå lakselus og rømt fisk.

– Dette er eit stort steg vidare for å sikre ein berekraftig oppdrettsproduksjon, og det viser at dei fremste kunnskapsmiljøa våre langt på veg er einige om kva som er akseptabel miljøpåverknad frå næringa, sa Berg-Hansen, ifølgje departementet.

LES OGSÅ: Parasitten, pengane og politikken

Fiskeri- og kystministeren opplyste òg at ho no vil be Fiskeridirektoratet og Mattilsynet om å følgje opp dette arbeidet med forslag til konkrete tiltak som bør setjast i verk dersom dei foreslegne tolegrensene blir overskridne.

– Havbruk medverkar til verdiskaping og arbeidsplassar langs kysten. Berekraft er eit sentralt krav til næringa. Drøftinga om kva miljømessig fotavtrykk vi skal tillate frå oppdrettsbasert matproduksjon ser eg fram til å komme tilbake til i sjømatmeldinga som eg tek sikte på å fremme for Stortinget ved årsskiftet, uttalte Berg-Hansen.

Kva meiner du om lakseforvaltinga? Blir det tatt for mykje omsyn til laksenæringa? Eller bør ein slutta å leggja avgrensingar på viktig matproduksjon?