Vil ha åtskilde område for havbruk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mattilsynet, Fiskeridirektoratet, Klima- og forureiningsdirektoratet og Direktoratet for naturforvaltning støttar dermed hovudforslaga frå ekspertutvalet for berekraftig arealbruk i havbruksnæringa.

Ekspertutvalet la fram rapporten sin i vinter. Der føreslo dei å dele kysten inn i produksjonssoner, skilde av oppdrettsfrie soner. I kvar enkelt sone skal det settast eit øvre tak på mengda oppdrettsfisk og mål for lus og rømming. Rapporten har no vore ute på høyring.

Produksjonsområde skilde av branngater kan gi mulegheiter til å styrke dei viktigaste utvandringsvegane for villaksbestandane, skriv Direktoratet for naturforvalting (DN) i sin høyringsuttale. Men DN ønskjer strengare mål for når tiltak skal settast inn, både når det gjeld lakselus og mengd rømt laks i sjøen.

Rømt oppdrettsfisk og lakselus er den alvorlegaste trusselen mot villaksen, ifølgje Vitskapeleg råd for lakseforvaltning.

Vassforureining
Klima- og forureiningsdirektoratet støttar også hovudforslaga i rapporten til ekspertutvalet, men meiner den i for liten grad omtalar forureining frå oppdrettsanlegg og konsekvensane av naturmangfaldlova for oppdrettsnæringa.

LES OGSÅ: Parasitten, pengane og politikken

Alle dei fire direktorata støttar forslaget om betre kartlegging av kystsona, blant anna med detaljert informasjon om straumforhold. Det gir betre grunnlag for å ta omsyn til miljøbelasting og smittefare ved lokalisering av oppdrettsanlegg.

Alternative produksjonsformer
Dei er også einige om at det bør leggjast til rette for alternative og meir miljøvenlege produksjonsformer enn dagens, samstundes som det må takast omsyn til fiskehelse og – velferd.

SJÅ OGSÅ: Vil laga fiskefôr av Mongstad-eksos

– Sjølv om etatane har noko ulikt syn på deler av tilrådingane frå utvalet, er det brei semje om hovudprinsippa. Dette dannar eit godt og spennande grunnlag for eit tettare og meir effektivt samarbeid mellom dei fire etatane, seier etatsleiarane Harald Gjein (Mattilsynet), Liv Holmefjord (Fiskeridirektoratet), Ellen Hambro (Klif) og Janne Sollie (DN) i ei felles pressemelding. (©NPK)