Vil kjempa for sidemålskarakter

Janne Nygård valt inn i toppleiinga av Noregs Mållag.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Håvard B. Øvregård vart søndag attvald som leiar på Landsmøtet i Noregs Mållag. Ny nestleiar er Janne Nygård, student og avtroppande leiar i Norsk Målungdom.

Helga Hjetland og Terje Kjøde held fram i styret. Nye i styret er Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre, Nina Berge Rudi, lærar, og Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

Varalista ser slik ut: 1. vara Sigbjørn Hjelmbrekke, Bø i Telemark, 2. vara Solgunn Liestøl, Haugesund, 3. vara Randi Lohndal Frestad, Lista og 4. vara Magne Aasbrenn frå Fredrikstad.

Klar melding om sidemålskarakter
– Landsmøtet sa klårt frå at elevar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen framleis må få ein eigen karakter i sidemålet, helst både som standpunktkarakter og karakter frå obligatorisk eksamen, seier Håvard B. Øvregård.

Landsmøtet vedtok også fråsegner om språkstimulering i barnehagane, styrking av andrespråksopplæringa i samisk, endringar i stadnamnlova og nynorske læremiddel i trusopplæringa.