Desse får best karakterar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det nasjonale organet for kvalitet i høgare utdanning (NOKUT) har lansert ein ny portal med kvalitetsindikatorar for høgskular og universitet i Noreg. Portalen omfattar 60 institusjonar; universitet, statlege høgskular og private høgskular.

Høgskulen for Landbruk og Bygdeutvikling (HLB) har landets flinkaste studentar. Ingen andre høgare utdanningsinstitusjonar har høgare prosentdel studentar med A eller B som karakter på bachelornivå.

Betanien diakonale høgskole, Norges musikkhøgskole og Norges Handelshøgskole kjem på dei neste plassane.

Sjå heile lista her!

UMB toppar blant universiteta
44,7 prosent av studentane ved Universitetet for miljø- og biovitskap får karakteren A eller B. På dei neste plassane kjem universiteteta i Oslo og Bergen.

LES OGSÅ: Har fått nok av toppkarakterar

Forskingsbasert
Tilsette med førstekompetanse ved Høgskulen for Landbruk og Bygdeutvikling er om lag dobbelt så høgt som snittet på andre høgskular. Dei tilsette publiserer òg meir forsking enn dei fleste, og har over tre gonger så mange publiseringspoeng som snittet for andre høgskular og 50 prosent meir enn snittet for universiteta.

Rektor ved HLB, Dag Jørund Lønning, er særs nøgd:

– Me er ein liten og spesialisert høgskule, men tala lyg likevel ikkje. Fagmiljøet vårt rundt bygdeutvikling er landets sterkaste, og me har ei vidare målsetjing om å bli internasjonalt leiande på feltet. Når det gjeld studentane våre har dei mykje arbeids- og livserfaring med inn i studiesituasjonen. Dette er med på å skapa eit læringsmiljø som – slik tala vitnar om – få andre høgskular kan levera. Dei gode eksamensresultata våre avspeglar òg denne kvaliteten. Me nyttar mange eksterne sensorar, og tilbakemeldingane frå dei er stort sett eintydige: Me har særs flinke studentar, uttalar han.

Blant universiteta er det Oslo som har det høgaste snittet i publiseringspoeng. 30 prosent høgare enn Universitetet i Bergen, som kjem på ein andreplass.

LES OGSÅ: Her er det best å studere