– Hordaland må rydda opp

Kunnskapsministeren kritiserer fylkeskommunen for å gå ut med feil tal.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sist veke gjekk Hordaland fylkeskommunen ut med tal om ein bokmålsboom i Hordaland. Etterpå viste det seg at tala ikkje sa noko om kva hovudmål elevane hadde på vidaregåande.

Som Framtida.no avslørte, blei alle elevar som ikkje aktivt valde målform registrert av fylkeskommunen som bokmålselevar – sjølv om dei hadde nynorsk hovudmål i skulen. Dette førte at elevar frå til dømes Stord blei ført opp med 90 prosent bokmål, og 10 prosent nynorsk – når tala var stikk motsett.

LES OGSÅ: – Skandale av Hordaland

Då kunnskapsminister Kristin Halvorsen kom på landsmøtet til Noregs Mållag, kritiserte ho Hordaland sin måte å behandla statistikk.

– Eg forventar at Hordaland ryddar opp, sa ho, og sa at ho allereie hadde kontakta Fylkesmannen.

– Kjellbjørg Lunde er allereie sett på saka, sa Halvorsen.

Kunnskapsminsteren sa at det er viktig at ein får vita meir om kvifor ungdom byter målform, og at ein difor treng meir forsking om dette.