Teikna deg gjennom pensum

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For to år sidan deltok Sunniva Sørhus på studieteknikkurset “Lær å lære”.

– Før las eg pensum detaljert, men etter kurset har eg vore meir merksam på heilskapen, seier Sørhus.

Teknikkane fokuserar på bruk av tankekart, og ho fortel at det kan vere nyttig for å få overblikk.

– Målet med teknikken er å få oversikt og hugse tankekartet. Eg har andre bilete av pensum i hovudet no enn før eg tok kurset, fortel Sørhus.

Motivasjonspsykolog Åge Diseth har mellom anna forska på korleis samanhengen mellom læringsstil, motivasjon og intelligens påverka prestasjonen til studentane, og meiner tankekart kan fungere bra.

– Ei årsak til at tankekart kan fungere er at ein ser samanhengen mellom pensum, seier Diseth.

Han forklarar at dei fleste av oss lærer best ved å visualisere før ein set abstrakte begrep på ting, men det er ikkje dermed klart at all skal bruke tankekart.

– Studieteknikk handlar om korleis ein skal hugse ting. Det speler inga rolle kva slags teknikk ein brukar, så lenge ein får med seg meininga.

Han får støtte av Fleischer på Karrieresenteret.

– Tenk på studieteknikkar som ein meny og plukk det du synest er viktig, rår ho, og understrekar at vi alle lærer ulikt.

Les òg: Kræsjkurs i studieteknikk

Dyrt kurs
– Kurset var dyrt, eg hadde nok ikkje gått om eg måtte betale sjølv, seier Sørhus, som fekk det av foreldra.

Ho fortel at teknikken ikkje fungerar like godt i alle fag, men synest likevel kurset var nyttig og har gjeve henne nokon ”knaggar” å hengje ting på.

– Mange føler tankekart er rotete, og då kan det vere nyttig å få e innføring, seier Sørhus.

Motivasjonspsykolog Diseth trur òg at slike kurs kan ha ein effekt .

– På kurs kan ein lære teknikkar som tankekart, i tillegg til å få opp lesefarten, noko som er viktig for læring, seier han.

Ikkje berre studieteknikk
– Å prestere bra på eksamen kjem an på meir enn studieteknikk, seier Diseth, og legg til at motivasjon, planleggjing og målretta arbeid er viktigast for å lukkast.

– Motivasjon handlar om å setje seg rammar, organisering av studiekvardagen og gode rutinar, seier han, og understrekar at det er aktive læringsaktivitetar der ein produserar noko sjølv som ein lærer mest av.

Fleicher frå Karrieresenteret tilrår å setje seg læringsmål over å telje timar og sider på lesesalen, og meiner aktive læringsstrategiar er spesielt effektivt i rett før eksamen.

– Å løyse eksamensoppgåver ved å bruke pensum som oppslagsverk er nyttig, seier ho.

Les saka i Studvest!