Bjurstrøm vil sponse bedrifter med unge
Arbeidsminister Hanne Bjurstrøm (Ap) vil gi pengar til bedrifter som tilset unge som står i fare for å falle utanfor arbeidsmarknaden.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei som fell utanfor på vegen frå attføring til vanleg arbeid, skal få hjelp til å komme inn i det ordinære arbeidslivet så fort som råd.
Bjurstrøm set i gang eit forsøk der 500 unge i første omgang skal få «arbeidsavklaringspengar». Pengane blir delte i tre. Arbeidsgivarar som vil tilsetje dei unge, får ein tredel. Dei unge sjølve får ein tredel, som skal vise at det lønner seg å gå ut i jobb, og den siste tredelen av pengane skal brukast til tilrettelegging og oppfølging.
– No blir utfordringa å mobilisere bedriftene. Eg har alt snakka med NHO, og dei er positive, seier Bjurstrøm til Aftenposten.
Bjurstrøm foreslår å innføre forsøket alt i det reviderte nasjonalbudsjettet, som kjem i mai. Ho meiner at all erfaring viser at den beste hjelpa støttemottakarane kan få, er å komme inn i det ordinære arbeidslivet. Utfordringa blir derfor å leggje til rette for at bedriftene kan ta ansvaret og tilsetje unge som slit.
Dei som får jobb, skal vere mellombels tilsette i inntil tre år, slik at føretaket ikkje må binde seg. På lengre sikt er Bjurstrøms mål at dei unge blir tilsette fast. (©NPK)
Les òg: Fryktar tapt generasjon