Barn opplever press på korleis dei skal sjå ut og konkurrer om å vera best likt lenge før dei blir tenåringar. Resultatet er dårleg sjølvbilete og matlystplager hos stadig yngre barn.

NPK-NTB
NPK-NTB

– Barn og unge er under eit aukande press når det gjeld kropp og sex. Resultatet er at stadig yngre blir ramma av matlystplager, utryggleik og dårleg sjølvbilete. Det å vera oppteken av desse temaa så tidleg som i elleveårsalderen, samsvarar ikkje med ein god barndom. Ein god barndom skal ikkje handla om kor mykje du veg, seier Wigum Frøseth, leiar i Press, Redd Barna Ungdom til Vårt Land.

LES OGSÅ: Stadig yngre treng hjelp

Avisa fortel at nettsamfunnet Facebook fløymer over av sider der unge jenter konkurrerer om å vera dei finaste lenge før dei har blitt tenåringar. Facebook-gruppa «Norges finaste 97'er» har til dømes over 38.000 tilhengjarar.

Både Jarle Haugland i Familie og Medier og redaktør for spørjetenesta Ung.no, Beate Aas, meiner kampen til dei unge om å bli sett på nett er eit stort problem.

LES OGSÅ: Dette er årets verste reklame

Leiaren i Redd Barna Ungdom og sosiolog Hannah Helseth meiner måten mange kjendisar poserer med kroppen sin i media er ei medverkande årsak til utviklinga. Helseth meiner den aukande kroppsfikseringa er uheldig for sjølvbiletet til mange jenter.

– Vi lever i eit samfunn som får oss til å hata våre eigne kroppar og sjå på andre kvinner som fiendar. Stadig fleire unge jenter prøver å ta sitt eige liv, og ein treng ikkje vera rakettforskar for å forstå at når du hatar kroppen din, får det konsekvensar for korleis du har det, seier Hannah Helseth. (©NPK)

Bør retusjert reklame merkast, slik fleire har tatt til orde for?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36

LES OGSÅ

ANNONSE