TV viktigare enn internett

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om ein politikar vil ha unge veljarar frå den såkalla internettgenerasjonen til at røyste på seg, må han vere synleg i TV, radio og aviser, gå ut og møte dei på gata, og til sist: Informer om politikken på nettet. Men dropp dei nye sosiale media som facebook og twitter.

Dette hevdar i alle fall Robert P. Ormrod, lektor med doktorgrad frå Aarhus Universitet. Han forskar på marknadsføring av politikk og har saman med kollegaen sin, Heather Savigny frå University of East Anglia, gjennomført ei ny undersøking av 18-24-årige britar sin bruk av medium i samband med valet i Storbritania i 2010. Undersøkinga syner at sjølv om unge er flittige brukarar av sosiale media og andre internettbaserte medium, veg TV, radio og aviser langt tyngre når det handlar om politisk meiningsdanning. Heilt i botnen på lista ligg heimesidene og valplakatane til kandidatane og partia.

– Unge orienterer seg ut i frå dei traditionelle massemedia, og deretter går dei på ei heimeside på nettet for å skaffe seg meir information om ein kandidat som dei er interessert i, seier Robert P. Ormrod til Kristeligt Dagblad.

Han understrekar at dei klassiske partileiarrundane på TV held fast på posisjonen som ein sterk meiningsdannar i høve til unge veljarar. Desse debattane har ein lang tradisjon i land som Danmark og Noreg, men i England var det første gongen det vart brukt i sist val.

I samband med demokraten Barack Obama sin siger i det amerikanske presidentvalet i 2008 vart det ofte understreka at den moderne bruken av nettmedier spela ei stor rolle. Men Robert P. Ormrod poengterar at det Obama med hell brukte internett til var å rekruttere unge menneske som ynskte å vere politisk aktive. I høve til å nå dei unge som ikkje vil bidra til ei kampanje, men berre vil krysse av for kandidaten ved val, er dei sosiale medium mindre effektive.

Les òg: – Fjernsyn er dødt innan fem år

Resultata frå Storbritania passar godt med liknande resultat frå Danmark. Klaus Bruhn Jensen, professor ved Institutt for medie-, kognisjon og kommunikasjon ved Universitetet i København,  publiserte sjølv ein rapport i desember som synte at dei tradisjonelle massemedia TV, radio og aviser er enno dei som set dagsorden i det danske samfunnet. Dette er mellom anna på grunna av dei når fleire menneske og blir sett på som truverdige.

Sosiale media blir brukt, men dette er meir som ein lukka plass der ein berre kommuniserer med meiningsfeller.

– Den nye studien stadfestar at vi ikkje må tenkje:« Hu hei, no held  barn opp med  å bruke dei gamle media ». Sosiale medium er gode på kommunikasjon. Men ser unge etter informasjon, som korleis dei får studielån eller bustadlån, går dei ikkje på facebook, meiner Klaus Bruhn Jensen, som synest det er logisk at den politiske meiningsdanninga òg vil halde fram med å liggje i tradisjonelle massemedia.

Kva trur du? Vil TV framleis vera den viktigaste kanalen i stortingsvalet til neste år?