Fleire vil bli lærarar og ingeniørar

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekordmange vil bli ingeniør

– Dette er det høgaste talet på søkjarar vi har hatt i Samordna opptaks historie, seier Bente Ringlund Bunæs, dagleg leiar i Samordna opptak.

– Auken er større enn det veksten i ungdomskulla skulle tilseie, og det er heller ingen nye lærestader eller studium som kan forklare den store auken. Det ser ut til at det er ei auka interesse for høgare utdanning i befolkninga.

Auken i søkjarmassen påverkar ikkje kjønnsfordelinga. I 2012 er 59,2 % av søkjarane kvinner, mot 59,4 % i 2011.

Av utdanningsområda med over tusen studieplassar har teknologiske fag størst auke med ein oppgang på 20,0 %. Deretter følgjer pedagogiske fag (+ 14,0), jus (+ 11,8) og lærar (+ 11,7).

Innanfor utdanningsområdet lærar (+ 11,7) ser vi at førskulelærar har 22,0 % fleire søkjarar. Grunnskulelærarutdanning for 1.- 7. trinn går fram med 8,8 %, mens for 5.- 10. trinn er auken på 6,0 %.

Utdanningsområdet helsefag, som er det største utdanningsområdet, har ei auke på 4,1 %. Av helsefaga er vernepleiar (+ 24,7 %), sjukepleiar (+ 7,5) og medisin (+ 6,4 %) blant dei utdanningstypane med størst auke.

Vekst i heile landet
Fortsatt er det stor søknad til dei største institusjonane i dei store byane, men søkjartala viser ein auke for mange av høgskulene også utanfor dei store byane. Den auka tilstrøyminga til lærestadane i dei store byane som me så nokon år, har flata ut.

– Det viser at institusjonane i distrikta har utvikla eit godt studietilbod som søkarane ønsker å nytta seg av. Dette er ein rett og ønskt utvikling, seier statsråd Kristin Halvorsen.