Ny app gjer det mogleg å gå rundt og sjå korleis det såg ut for 1000 år sidan.

mm
Faktaboks

INVENTIO – Theory and Practice of Designing Digital Genres for Learning and Leisure har hatt støtte frå Forskningsrådet sitt VERDIKT-program i fire år.

LES FAKTALUKK FAKTA

Situated Simulation lèt deg sjå attover eller framover i tid på smarttelefonar og nettbrett ved hjelp av ein app.

Teknologien blir gjerne kalla SitSim og på norsk kan vi snakke om stadbunden simulering. Det inneber at du kan laste ned ein app som er laga for ein bestemt stad og sjå dei tredimensjonale animasjonane som har vorte laga for staden medan du er der.

Animasjonane endrar seg i sanntid når du rører deg ikring i landskapet. Slik blir du del av ein utvida røyndom.

– Vi har allereie ein prototype som fungerer i Android. Reknar med å ha noko klart for lansering nærmere sommeren. Eg samarbeider med eit svensk selskap som heiter CodeGrind AB. Vi vurderer kommersialisering, men førebels er det viktigast å få det i bruk slik at vi får tilbakemeldingar, fortel Gunnar Liestøl til Framtida.

Nyttig for alle
SitSim-teknologien er utvikla av forskarar ved Universitetet i Oslo (UiO). Dataprogrammet utnyttar fire sensorar i smarttelefonen eller nettbrettet til å finna ut korleis vi rører dei.

– GPS-koordinatar viser kor i verda du er. Det elektroniske kompasset avgjer retning. Akselerometeret registrerar om mobilen rører seg i høve til tyngdekrafta, og gyroen registrerer dreiningar og rotasjonar, fortel professor Gunnar Liestøl ved Institutt for medium og kommunikasjon ved UiO til forskning.no.

Ikkje kun visuell
– Vi lokaliserer òg lydkjelder i omgjevnadane. Det kan vere lydar frå bekkar, froskar, grashoppar eller høner som kaklar. Lyden er viktig for å forsterke opplevinga av rom, fortel han.
Liestøl har leia forskingsprosjektet INVENTIO som har hatt støtte frå Forskningsrådet.

Han ser for seg at SitSim-teknologien kan få mykje å seie innan utdanning, kulturformidling og turisme, og ynskjer at slike simuleringer òg kan bli nyttig for forsking, mellom anna innan arkeologi.

Les òg: Ny teknologi vil endre liva våre

Attende til vikingtida
Den einaste SitSim-appen som er offentleg tilgjengeleg i dag, syner korleis ein gildehall frå vikingtida såg ut der Borreparken i Horten ligg i dag.  

Skuleelevar og pensjonistar som har testa appen i samarbeid med Midgard historisk senter er svært positive, fortel Liestøl. Dei legg vekt på at dette er ein heilt ny måte å formidle fortida på, og at det gjev ei kjensle av å vere til stade i ei anna tid.

Les òg: Dette er ikkje eit menneske

Demonstrasjon av teknologien:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE