Held på nynorsken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veke meldte Bergens Tidende om at berre åtte prosent av elevane ved Kvinnherad vidaregåande skule har nynorsk som hovudmål. Rett nok tapar nynorsken terreng, men så gale er det ikkje blitt. Rektor Audun Bjelland slår fast at nett no har 71% av elevane nynorsk som hovudmål.

LES OGSÅ: Åtvarar mot feil nynorsktal

Gudrun Hope og Martha Stormoen er to av dei.

– For meg var det heilt naturleg å fortsetja med nynorsk som hovudmål. Både for å halda på tradisjonen og fordi det blir det greiaste i forhold til dialekten, meiner Gudrun.

Martha er einig med henne og legg til:

– Vi treng nynorsken, derfor er det rett å velja den.

Les saka i Kvinnheringen!