Vener gjev større hjerne

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For å gjere greie for kvifor primatar har større hjerne enn andre vesen, spesielt den orbitale prefrontale korteks i panna rett over augo som setjast i sving når vi tenkjer komplekse tankar, tok forskarar føre seg teorien om at storleiken på den sosiale gruppa eit individ høyrer til affekterer dette.

Forskarane tok føre seg 40 vaksne hjernar og måla storleiken og talet på nervebindingar i dei ulike regionane i hjernen. Storleiken på dei sosiale nettverka til kvart testindivid vart òg vurdert, kvar av testpersonane vart spurt om kor mange dei hadde regelmessig sosial kontakt med.

Forskarane skiljer her mellom vener og meir lause deler av kjennskapskrinsen, og meiner det er evna til å setje seg inn i kva vener tenkjer som utvidar hjernen.

Til slutt vart deltakarane testa i kor gode dei var til å setje seg inn i tankane til andre.

Les mer i Proceedings of the Royal Society B

Lyst på hjernetrim? Prøv ein quiz!