Varierande oppfølging på høgt nivå

«Silje» hadde hatt under ein tredel av rettleiinga ho hadde krav på då ho leverte masteroppgåva. Andre meiner dei har fått meir enn det som er kontraktsfesta.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får for lite oppfølging

«Silje», som ønskjer å vere anonym for ikkje å bli knytt til denne saka i etterkant, leverte masteroppgåve ved Universitetet i Bergen (UiB) i februar. Ifølgje rettleiingsskontrakta hadde ho krav på ei rettleiing i månaden det året ho skreiv oppgåva. Slik blei det ikkje.

– Eg hadde berre tre rettleiingar før endeleg innlevering, seier «Silje».

Masterstudenten opplevde at medstudentar fekk ei heilt anna behandling enn ho sjølv.

– Dei var i tett dialog med rettleiarane sine som ofte kom for å høyre korleis det gjekk. Det er ikkje rettferdig at ein skal få så ulik behandling avhengig av kva rettleiar ein ender opp med, seier «Silje».

Lite engasjement
Ho opplevde at det var vanskeleg å få kontakt med rettleiar og at han ikkje engasjerte seg i forskinga hennar.

– Sendte eg e-post kunne det ta ei veke før eg fekk svar. Etter fem månader måtte eg be om å få ei første rettleiing. Då fekk eg skjenn for at eg ikkje hadde skrive langt nok, og for at eg arbeidde ved sida av studiene, seier ho.

Silje trur masteroppgåva kunne vore betre dersom rettleiar hadde kome på bana tidlegare.

– Eg fekk kritikk på masteroppgåva mi fordi eg ikkje hadde snevra inn problemstillinga tilstrekkeleg. Dette kunne vore unngått dersom eg hadde fått tidlegare og betre hjelp, seier Silje.

Silje meiner det burde stillast visse krav til professorar som skal rettleie studentar.

– Rettleiarar burde følgje opp og halde nær kontakt med studentane. Eit minstekrav burde vere at dei tek studentane si forsking på alvor og kan kome med konstruktive innspel til oppgåveskrivinga, seier ho.

Fornøgde
Dei tre studentane Kaspar Steudel, Jon Kåre Skiple og Henrik Bentsen skriv alle masteroppgåve i samanliknande politikk ved UiB. Dei er tilfreds med oppfølginga dei har fått.

– Eg har hatt meir rettleiing enn det eg har krav på ifølgje kontrakta. Lurer eg på noko sender eg ein e-post til rettleiar og får raskt svar eller eit møte, seier Steudel.

Skiple og Bentsen skriv masteroppgåver knytt til eit forskingsprosjekt. Dei meiner dette har vore gunstig for deira oppfølging.

– Vi har hatt «workshop» saman med dei andre i forskingsgruppa omlag ein gong i veka. Vi har utvikla eit uformelt forhold til rettleiaren vår der kontakta ikkje er avgrensa til fastsette møter, seier Skiple.

Alle tre er einige om at god rettleiing er avgjerande for eit godt sluttresultat og at ikkje alle får like god oppfølging.

– Eg har høyrt om folk som slit med å få kontakt med sin rettleiar, og at sjølve prosessen med å få tildelt rettleiar har tatt lang tid, seier Bentsen.

– Det er oppsiktsvekkande at nokon ikkje får svar på e-post og har vanskar med å få det dei har krav på. At rettleiar er engasjert er avgjerande for motivasjonen, seier Skiple.

Nye retningslinjer
Olaf H. Smedal, visedekan for utdanning ved Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV) ved UiB, meiner det er vanskeleg å vete kor stor variasjonen er. Han peiker på at eit felles grunnlag for alle rettleiingskontrakter ved UiB er under utarbeiding.

– Utdanningsutvalget har nyleg vedteke nye retningslinjer for rettleiing. Det er no opp til institutta å følgje opp retningslinjene i sine kontrakter, seier han.

Smedal meiner det er sjølvsagt at rettleiar engasjerer seg i prosjektet til studenten.

– Det er likevel ingen tvil om at enkelte masterprosjekt samsvarer med rettleiarens faglege interesser og spesialkompetanse meir enn andre, seier han.

Smedal har inntrykk av at dei fleste masterstudentar er tilfredse med rettleinga dei får.

– Om nokon likevel opplever at rettleiingsrelasjonen ikkje er slik den burde vere, skal rettleiingskontraktene i det enkelte fagmiljø innehalde retningslinjer for korleis ein skal gå fram, seier han.

Les saka i Studvest her!

Faktaboks

RETTLEIINGSKONTRAKTAR
•    Masterstudentar inngår saman med rettleiar ei kontrakt med retningslinjer for samarbeidet.
•    I denne kontrakta er det fastsett kor mykje rettleiing studenten har krav på iløpet av oppgåveskrivinga.
•    Mengd rettleiing studentar har krav på varierer mellom fakultet og institutt med alt frå 10 til 40 timar