Snop for statsrådar
Eg beklager at dette kjem litt seint, men her er i alle fall mine avsløringar om dei nye statsrådane. Så får vi sjå kor lenge dei blir sitjande etter dette. Lukke til!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Are Kalvø: Snop for statsrådar
Vi som skriv i avisa er som kjent veldig opptatte av habilitet. Det er mange som er opptatte av habilitet. Men vi som skriv i avisa er ekstremt opptatte av det. Det er mange som liker godteri også. Men barn kan vere ekstremt opptatte av godteri. Litt sånn er vi som skriv i avisa også. Som barn som liker godteri. Berre at vi er vaksne, sjølvsagt. Og liker habilitet.
Og så liker vi å vere først. Derfor håper eg inderlig at eg ikkje er for seint ute med å påpeike fleire mulige habilitetsproblem med dei nye statsrådane.
Sjå her:
Eg kan dokumentere at Heikki Holmås, Inga Marte Thorkildsen og Bård Vegar Solhjell kjenner kvarandre. Godt. Dei kjenner også den nylig avgåtte statsråden Audun Lysbakken. Mykje tyder faktisk på at det var nettopp Lysbakken som gav statsrådsjobbane til dei tre vennene sine. Lysbakken har jo gitt ting til venner før, og no gjer han det altså igjen. Dei tre som no blir statsrådar går dessutan inn i same regjering som mellom andre Jonas Gahr Støre, som sjølv står midt oppe i skuldingar om vennetenester og inhabilitet.
Eg skal ikkje påstå at nokon av dei nye statsrådane er inhabile og burde trekke seg, men dette er kanskje noko dei burde ha vurdert. Etter den siste tidas avsløringar av vennetenester og inhabilitet i politikken skulle ein tru at politikarane no var kloke nok til å vere føre var.
Men nei. Tydeligvis ikkje.
Mykje tyder dessutan på at dersom dei tre nye statsrådane overlever denne første runden med kritikk, så kjem dei til å vere veldig mykje inhabile i tida framover. Og dei kjem ganske sikkert kjem til å gi pengar til folk dei har snakka med.
Ta Heikki Holmås, for eksempel. Han snakkar jo absolutt heile tida. Det skal ekstremt godt gjerast om han ikkje ein eller annan gong i løpet av statsrådskarrieren sin gir pengar til nokon han har snakka med i løpet av sine førti år på kloden.
Det er sjølvsagt ikkje noko i det eg skriv her som i seg sjølv er ulovlig. Eller for den del kritikkverdig. Eller uvanlig. At folk som sitt i regjering saman kjenner kvarandre, har skjedd før. Det er heller ikkje noko nytt at partifellar gir statsrådsjobbar til kvarandre.
Så eg seier ikkje at noko kritikkverdig, tvilsamt eller kriminelt har gått føre seg, eller kjem til å gå føre seg.
Men det har no blitt skapt eit inntrykk av at vennetenester er normen i politikken, og at dette også er noko dei nye statsrådane driv med. Det har blitt skapt eit inntrykk av at politiske leiarar tek seg av sine eigne og ikkje tek habilitetsreglane så tungt. Det inntrykket har blitt skapt.
Det har blitt skapt av meg, rettnok, men det har blitt skapt. Og det er i seg sjølv alvorlig, og det bør politikarane ta inn over seg. Dette handlar om tillit. Spørsmål om tillit bør ikkje politikarar ta lett på.
For å vise kor alvorlig vi som skriv i avisa tek dette med habilitet og mistankar om vennetenester, så er eg villig til å stille opp i eit debattprogram på radio eller tv leia av ein god venn og kollega av meg. Der er eg villig til å seie at det eg sjølv har skrive i avisa mi om habilitet er veldig alvorlig. Og viss ikkje det heller er nok, så kan eg også få ein god venn av meg som er redaktør i den same avisa til å seie at det eg har skrive i denne spalta er veldig alvorlig og viktig.
Den som ikkje eingong innser alvoret då, kan eigentlig berre ha det så godt.
Og no: Godteri.