Mot verdsrekord på vaffeldagen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Joar Mortveit (24) frå Vindafjord har laga det som truleg er det største vaffeljernet i verda. Diameteren på det 450 kilo tunge jernet er ein meter, og slår dermed den gamle rekorden på 63 centimeter. Ei vaffelplate tek ti liter røre med 40 egg.

Søknadspapira er no sendt til godkjenning av Guinness World Records i London.

Den unge «Reodor Felgen» jobbar som platearbeidar på Westcon Yard i Ølensvåg. Då Mortveit, som også er speidar, fekk i oppdrag å konstruere eit vaffeljern til roverleiren til KFUK-KFUM, var det ingen tvil: Den gamle verdsrekorden skulle slåast.

– Eg jobba fire til seks timar kvar kveld i to veker. Nokre av delane brente eg ut på arbeidsplassen min, resten blei gjort i verkstaden på garden, fortel han i ei pressemelding.

Vaffeljernet har fem hjarte og kvar plate krev ti liter røre og ei steikjetid på 20 minutt.

– Jernet er bygd som ein tilhengjar og er lett å frakte med seg, men vi må vere tre mann til å styre steiking, seier Joar Mortveit.

Kake frå mellomalderen
Vaflar har ei lang historie og strekkjer seg heilt attende til mellomalderen. Vi et svært mykje vaflar her i landet, men opphavleg kjem kakene frå lenger sør i Europa.

Allereie på 1300-talet vart det utvikla vaffeljern i Tyskland og Nederland. Handverkarane smidde vaffeljern som lagde store, firkanta vaflar, det vi i dag kallar belgiske vaflar.

Vaflane spreidde seg rundt i Europa og til USA, og i 1911 kom det første elektriske vaffeljernet på marknaden.

I Belgia og USA er det dei store og tjukke vaflane som er populære. I Sverige og Norge er tynne, hjarteforma vaflar mest vanlege. Slike hjarteforma vaflar har folk laga i Noreg sidan 1800-talet.

25. mars markerer eit skilje mellom vinter og vår, og i Sverige har vaflar blitt eit symbol på vår.

Opphavet til dagen er den kristne Maria bodskapsdag, då engelen Gabriel fortalte Maria at ho skulle føde Jesusbarnet akkurat ni månader seinare. Vår frues dag blei på svensk folkemunne til våffel-dagen. (Kjelde: Opplysningskontoret for egg og kjøtt) (©NPK)