Kan nåde gå for rett?

Sveinung Rotevatn
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I sin artikkel «Fornuft og følelser» på Minerva skriv Eirik Løkke eit forsvar for Jens Stoltenbergs såkalte konsekvente linje i asylpolitikken, og meiner at «sentimentalitet» ikkje er eit godt utgangspunkt for beslutningar i politikken. Mon det.

For kva er eigentleg asylinstituttet, om ikkje reglar basert på sentimentalitet? Vi snakkar om menneske som ikkje har nokon rett til å kome til Noreg, som ikkje nødvendigvis kan bidra med noko av viktigheit og som kanskje har kome til landet på uærleg vis. Likevel lar vi mange av dei bli her hos oss, i verdas rikaste land. Kvifor? Fordi alternativet er å sende dei tilbake til undertrykking, og kanskje død. Vi blir sentimentale. Vi viser kjensler som samfunn. Vi lar nåde gå for rett.

Røyndomen er ikkje konsekvent
Vi som meiner at dei mykje omtalte asylborna skal få bli i landet, blir ofte skulda for å skyve enkeltmenneske foran oss. Det er ei skulding eg kan leve godt med. For når systemet ikkje toler møtet med enkeltmenneska, er det systemet det er noko gale med – ikkje enkeltmenneska. Jens Stoltenberg stod på Dagsrevyen for eit år sidan og sa at «vi trenger politikere som står opp for systemet i møtet med enkeltmennesket». Eg meiner vi har sett meir enn nok slike politikarar opp gjennom historia.

For når eg høyrer på politikarar frå særleg Høgre og Arbeidarpartiet, får eg av og til inntrykk av at det at reglane eksisterer er eit argument i seg sjølv for at dei framleis skal eksistere. Så kan det vere at kartet viser seg å ikkje stemme med terrenget, men då er desto viktigare å unngå endringar på kartet. Eller som humorsida 5080.no oppsummerte debatten: «Konsekvent asylpolitikk viktig i kampen mot inkonsekvent virkelighet».

Det er ikkje det at reglane ikkje kan endrast, for det kan dei. Det er berre det at ingen skal kunne protestere seg til endring. Eller som Eirik Løkke skriv i sitt innlegg: «Det er godt mulig vi trenger å myke opp kriteriene for opphold, men (…) ikke som følge av subjektiv aktivisme».

Å ta dette som utgangspunkt er ikkje å vere konsekvent eller prinsipiell, det er å vere nedlatande. Eg meiner utgangspunktet bør vere det stikk motsatte: Når enkeltmenneske opplever at gjeldande reglar er blodig urettferdige, og protesterer mot desse, er det politikarar si fordømte plikt å revurdere reglane umiddelbart.

Venstres forslag
Difor har Venstre fremma forslag i Stortinget om å endre reglane. Der foreslår vi mellom anna at barnets best skal vege langt tyngre enn i dag, og at ein i mindre grad skal leggje vekt på innvandringsregulerande omsyn. I tillegg ber vi om ei midlertidig forskrift som slår fast at born har ei særleg tilknyting til riket når dei har budd her i meir enn tre år. Dessutan ber vi om at utkastinga av dei 450 asylborna blir satt på vent til den varsla nye politikken i stortingsmeldinga «Born på flukt» er klar.

Dette er ikkje meir radikalt enn at det er minimumskravet det internasjonale samfunnet set til oss. Den raudgrøne regjeringa har sidan 2005 stramma asylskruen strammare og strammare, og har tidvis ført ein asylpolitikk som har vore i strid med menneskerettane – til dømes utsendingane av asylantar til umenneskelege forhold i Hellas, som EMD slo ned på i 2011. I 2010 vart Noreg kritisert av FNs barnekomité fordi born med sterk tilknyting til landet risikerer å bli sendt ut. Innstrammingane i asylpolitikken under dei raudgrøne har no gått så langt at til og med UDI-direktør Ida Børresen gjekk ut 5. februar og slo fast at Noreg er nødt til å mjuke opp reglane for å oppfylle grunnleggjande menneskerettslege krav.

Denne asylpolitikken har Venstre og KrF stått åleine om å kritisere i Stortinget, medan eit breidt stortingsfleirtal for øvrig har messa om at asylpolitikken er og skal vere «streng, men rettferdig». Med menneskerettsstridig vekt på det første.

Det er heller ikkje slik at ei generell liberalisering av reglane, eller midlertidige amnesti til enkelte grupper, er synonymt med å opne slusene i Deich Norwegen. I 2007 var utlendingsforskrifta endra, på bakgrunn av ein liknande situasjon som den vi opplever no. Barns beste skulle vektast tyngre, og 250 familiar fekk bli landet som resultat. I åra som har fulgt har det vore ein nedgang i asyltala. Mykje av retorikken til Stoltenberg meiner eg er rein skremslepropaganda, ikkje ulik den Frp har drive med i fleire tiår. Generelt har eg store problem med å sjå skilnad på Jens og Jensen i desse spørsmåla. Eller Erna, for den del.

Borte bra, men Etiopia best
No skal altså det same stortingsfleirtalet som med vitande og vilje har brote menneskerettane byrje å sende born «tilbake» til Etiopia. Born som aldri har budd nokon annan stad enn Noreg, skal deporterast til eit afrikansk diktatur dei knapt har høyrt om. At vi så langt er det einaste landet i Europa som meiner det er forsvarleg å sende menneske til dette landet, gjer ikkje nemneverdig inntrykk på stortingsfleirtalet.

At ein berre nylig har fått i stand returavtalen med Etiopia, er illustrerande for kvifor det er håplaust å omtale dei papirlause i Noreg som «returnektarar». Svært mange av dei anslagsvis 18.000 menneska i Noreg som bur her utan rett til opphald, kan rett og slett ikkje reise tilbake til sine heimland. Fordi det ikkje er trygt der. Eit anna slikt døme er Syria, som for augneblinken er på randen av full borgarkrig og som Noreg ikkje sender asylantar tilbake til.

Akkurat no sit det kanskje eit syrisk par på eit asylmottak ein stad i Noreg. Kanskje har dei fått endeleg avslag på asylsøknaden sin. Kanskje vil det går mange år før det er mogleg å returnere asylantar til Syria. Kanskje vil paret i mellomtida få eitt eller fleire born, som vekst opp på mottaket og lærer seg norsk, får norske vener og går i norsk skule. I mellomtida kjem foreldra seg i arbeid, sjølv om dei eigentleg ikkje har lov, og tener pengar til å forsørgje seg sjølve og borna.

Så blir det kanskje fred i Syria ein dag mange år frå no. Politiet kjem på døra og vil sende borna «heim» til landet dei aldri har sett, og statsminister Erna Solberg vil stå på stortingets talarstol og kallar borna for «returnektarar».

Ingen skal kome og fortelje med at det er rettferdig.

Å kaste ut folk frå livbåten
Det er diverre ingen tvil om at livet er eit lotteri. Somme vert fødde med taparloddet, og må sendast til land dei knapt har høyrt om og leve i konstant frykt. Somme vert fødde med gulloddet, og kan sjå fram til eit liv i sus og dus i Drammensveien 1, som del av ein familie med grunnlovsverna privilegiar. Høgre og Ap er tydelegvis svært komfortable med begge deler.

Ja, det er mange som har det vondt i verda. Og nei, det er ingen som trur at Noreg kan eller bør hjelpe alle. Men at det er mange som ikkje får plass i livbåten din, er ikkje noko gyldig argument for å hive ut dei som har vore heldige og kome seg ombord.

Difor stiller eg meg bak Venstre sine åtte forslag til ein asylpolitikk som tek større omsyn til barns beste. Men eg vil gjerne legge til eit niande forslag. Utlendingslova burde få ein ny føremålsparagraf, ein paragraf som fredsprisvinnar Moder Teresa allereie har formulert for oss:

«Give the world the best you have and it may never be enough. Give your best anyway.»

Innlegget er også publisert hos Minerva.