Helse- og sosialfag er populært
Kvar tiande elev har søkt seg til helse- og sosialfag på vidaregåande skule. Dette gjer utdanningsprogrammet til det mest ettertrakta blant yrkesfaga.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Til saman har 8 325 elevar søkt Vg1 helse- og sosialfag frå hausten av.
– Det er gledeleg, meiner prosjektleiar for Kompetanseløftet 2015, Tonje Thorbjørnsen i Helsedirektoratet.
Svært nøgde
– Vi er svært nøgde med at søkjartala til helse- og sosialfag har stabilisert seg på eit høgt nivå. Meir enn ti prosent av ungdomskulla vel no ei helse- og sosialfagleg utdanning på vidaregåande skule. Vi håper dette fører til at fleire ønskjer å arbeide i helse- og omsorgstenestene, seier Thorbjørnsen.
Det er også vesentleg fleire som søkjar læreplass, spesielt som helsefagarbeidar. Det har auka frå 1 198 i 2009 til 1 599 i år, ein auke på 33,5 prosent.
Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at Noreg vil kunne mangle over 40 000 årsverk med helsefagarbeidarar i 2030. For helse- og omsorgstenestene er det derfor viktig å auke rekrutteringa av personar med fagkompetanse. Helsefagarbeidarar er ei avgjerande yrkesgruppe for kvaliteten i framtidas helsevesen.
Fleire gutar
Talet på gutar som søker seg til helse- og sosialfag har auka med 70 prosent på fire år, skriv Dagsavisen.
– Disse gutane har kan hende gjort eit utradisjonelt val, men dei er ikkje utradisjonelle menn av den grunn. Det er ikkje hald i myten om at menn som veljer typiske kvinneyrke er annleis og meir feminine enn andre menn, seier Hilde Karlsen, forskar ved NIFU (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning).
– Når rammene ikkje er like trange som før, blir det òg enklare å sjå kva som er mogleg å gjere. Likestilling handlar om like høve, seier Helga Aune, postdoktor i utdanningsrett ved Universitetet i Oslo.
Les òg: Her er dei mest populære studia.