Nei til EU krev alternativ til EØS
– Det finst ei rad alternative tilnærmingsmåtar til EØS-avtalen
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Europautgreiinga er på mange måtar god, men for smal i kjeldebruken, meiner Nei til EU. Regjeringa må vise alternativa til EØS-avtalen når dei no skal lage stortingsmeldinga om avtalen, krev organisasjonen.
Nei til EU meiner utgreiinga er for einsidig i kjeldebruken, og at regjeringa dermed må ty til fleire kjelder når dei no skal lage ei stortingsmelding om Noregs forhold til EU. Organisasjonen peikar mellom anna på den alternative utgreiinga «Alternativer til dagens EØS-avtale», som Nei til
EU har fått laga saman med mellom andre Fagforbundet og El & IT Forbundet.
QUIZ: Kva veit du om EU?
– Nei til EU meiner at regjeringa sviktar det demokratiske grunnlaget sitt dersom ho no utarbeider ei stortingsmelding om forholdet vårt til EU utan å ta med at det finst ei rad alternative tilnærmingsmåtar til EØS-avtalen, skriv Nei til EUs råd i ei fråsegn.
Nei til EU-rådet krev derfor at regjeringa sikrar seg eit «truverdig og breitt» kjeldematerial til stortingsmeldinga, og at meldinga legg fram dei alternativa Noreg har i samarbeidet med EU i framtida.
Sejersted-utvalet la fram den offentlege utgreiinga «Utenfor eller innenfor. Norges avtaler med EU» 17. januar i år. Utgreiinga er på høyring fram til 6. mai. (©NPK)
Kva er best: bli med i EU? Halde fram som EØS-medlem? Prøva å få andre handelsavtalar? Køyr debatt!