I dag blir vi 5 millionar

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 1735 låg folketalet på omlag 600.000 innbyggjarar. Først 88 år etter, i 1822, runda vi 1 million. Den andre millionen vart nådd 68 år etter dette, i 1890, og den tredje i 1942, etter nok 52 år. I 1975, 33 år etter den tredje, nådde Noreg 4 millionar, og i mars 2012, etter nær 37 år, skal vi nå den femte millionen, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

Årsakar til tempoet i folkeutviklinga i Noreg
Folkevekst er eit resultat av talet på dei som blir fødd, døyr, utvandrar og innvandrar. Når det gjeld talet på dei som er fødde og dei som døyr finst det årlege tal attende til 1735, for utvandra finst det tal frå 1821, medan det ikkje finst tal for innvandring før 1951. Tala for talet på fødslar og dei som døyr per 1 000 innbyggjarar – altså fødsels- og dødsraten – har utviklar seg på same måte i Noreg som i ei rekke andre land. Frå 1735 til 1813 var raten både  høg i begge kategoriane, og dei kryssa kvarandre ni ganger. Det vil seie at det var fleire som døydde enn som vart fødd. Dei aller verste åra var mellom 1741 og 1743, då totalt 5 prosent av folket døydde av svalt og epidemiar.

LES OGSÅ: Dei som vil byggje landet

Færre døyr, men framleis mange fødslar
Frå 1814 til omlag 1935 fall dødsraten i landet frå 20 til 10 promille, og sidan då har han vore på dette nivået. Fødselsraten, derimot, låg på ikring det same nivået – 30 fødslar per 1 000 innbyggjarar – fra 1735 til 1900, før han fall til om lag halvparten, altså 15 promille. Deretter steig han att, for på ny å falle til ikring 12 og 14 fødslar per 1 000 innbyggjarar etter 1975. I denne fasa var folkeveksta høg, og det førte til både utvandring og urbanisering.

I byrjinga av 1880-åra var utvandringa så stor at folketalet faktisk gjekk noko ned, ifølgje SSB. Om ein ser den andre utviklingsfasen mot 5 millionar under eitt, var folkeveksta kraftig.
 
Låg fødselsrate og låg dødsrate
Sidan 1975 har talet på dei som døyr og dei som blir fødd på ny nærma seg kvarandre, men i motsetnad til før ligg begge tala på et lågt nivå. Etter 1980 har fødselsoverskotet vore mellom 10 000 og 20 000 per år. Ser ein bort ifrå inn- og utvandring skulle det ha teke mellom 50 og 100 år før talet auka med 1 million.

Folkeveksta hende ved at talet på dei som døyr fall først, og at det deretter tok lang tid før fødselsraten gjekk ned. Årsaka til dette er sannsynlegvis at talet på dei som døyr reagerar raskare på endringar enn talet på dei som blir fødd.

LES OGSÅ: Vi kan bli 15 milliardar på Jorda

Innvandring skapar vekst i dag
Årsaka til at folkeveksta i Noreg har halde fram på same nivå, til trass for det låge talet på fødslar, er innvandringa. Etter 1975 har inn- og utvandring spelt ei like stor – og til dels større – rolle for folketalet enn det talet på dei som blir fødd og talet på dei som døyr har. Det gjer at Noreg i dag er i ein heilt anna demografisk situasjon enn det landet var i i perioden 1735-1814 og i perioden 1870-1920. Noreg har utvikla seg frå å vere eit utvandringsland til å bli eit innvandringsland. At EU vart utvida med ti nye medlemsland i 2004 fungerte som ein siste dytt mot fem millioner innbyggjarar ettersom arbeidsinnvandringa til Noreg auka kraftig.

Kvinnerevolusjon

Helge Brunborg i SSB fortel til VG Nett at modernisering og individualisering er stikkord for kvifor norske kvinner føder færre barn enn dei gjorde før.

QUIZ: Kva veit du om kvinnekamp?

– Det som fann stad på 60- og 70-talet var ei omfattande kvinnefrigjering, nesten ein revolusjon. Kvinner starta å ta høgare utdanning, vart yrkesaktive og økonomisk uavhengige. Det vart meir akseptert å skilje seg, å ha ei karriere og å vere sambuer og få barn utan å gifte seg. Det er vanskeleg å studere og jobbe med sju ungar.

Alle desse faktorane blir stadfesta av statistikk frå SSB. I løpet av eitt år på 70-talet fordobla talet studenter seg ved norske universitet og høgskular seg. Talet på giftarmål byrja å falle medan talet på skilsmisser auka.