Her kan du teste om du avhengig

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stiftinga Bergensklinikkene tilbyr eit nettbasert testprogram som er gratis tilgjengeleg på rushjelp.no. Der kan du finne om du er avhengig av alkohol, kokain eller cannabis.

Testprogrammet vart lagt ut i 2010. I byrjinga vart det lite marknadsført og berre 2304 tok testen det fyrste året, ein del av desse vart tekne av tilsette for å teste programmet. I 2011 var det ei stor auke. Heile 14147 testar vart gjennomført i fjor. 10458 testa seg for alkohol, 960 for kokain og 2729 tok cannabistesten.

– Vi ser at 65 prosent av dei som tek testen får tilbakemelding om at dei har noko høgt eller veldig høgt forbruk, seier konsulent Morten Hezlein-Lossius i Bergensklinikkene.

Han trur nokon får bekrefta det dei trudde om sitt eige forbruk, medan andre får seg ei overrasking.

Frå Nederland
Programmet er utvikla av Jellinek-gruppa i Nederland. Bergensklinikkene har kjøpt rettane til bruk i Noreg.

– Målgruppa vår er heile Noreg si befolkning. Vi ynskjer å bruke dette som eit tiltak for personar med moderate rusproblem. På denne måten håpar vi at vi kan hjelpe nokon før deira rusmiddelproblematikk vert så stor at dei må inn i tradisjonell behandling, seier Hezlein-Lossius.

Større sjans for å lukkast
Han understrekar at det er ei kjensgjerning at jo raskare ein tek tak i rusproblem, jo større er moglegheitene for å lukkast med behandling.

På same nettstad er det òg tilbod om sjølvhjelpsprogram. Der kan ein steg for steg kunne vende seg av med rusen og få kontroll over eige forbruk.

Merkar auka pågang
381 profilar vart oppretta på sjølvhjelpsprogramma i 2011. Gjennomsnittsalderen for dei som trong hjelp mot alkohol var 38 år. For dei som søkte hjelp for cannabis, var gjennomsnittsalderen 26 år.

Det finst ikkje data for dei som oppretta profil grunna problem med kokain.

Bergensklinikkane ynskjer å nå ut til fleire med tilbodet sitt og trur det er eit stor behov for både testing og sjølvhjelpsprogram.

– Etter kvar marknadsføring eller medieoppslag ser vi at besøkstala og interessa aukar. Dermed ser ein at det er eit behov, men at informasjonen om tilboda våre ikkje har nådd ut til alle enno, seier Hezlein-Lossius.