Patentstrid på liv og død

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange millionar menneske i fattige land kan takke indiske medisinprodusentar for at dei er i live i dag. Indisk farmasiindustri er den tredje største i verda, og er i særklasse den største leverandøren av rimelege medisinar. Slik har det vore i fleire tiår. Til dømes har indiskproduserte medisinar vore avgjerande for at mange Aids-pasientar har blitt i stand til å leve med sjukdomen.

Ein avgjerande grunn til at indisk farmasiindustri kan levere medisin så mykje billegare enn vestlege produsentar, er at patentlovgjevinga i India er ulik den i vestlege land. Indiske styresmakter nektar å godkjenne nye patent for mange medisinar dersom patentet har gått ut og den opphavlege produsenten berre har gjort mindre endringar av legemiddelet.

Sidan det er prisen for rettane og ikkje produksjonen i seg sjølv som utgjer det meste av medisinkostnadene, kan indiske firma selje mange medisinar langt rimelegare enn tilfellet er i Vesten. Men ei sak som no er oppe for indisk høgsterett, kan rokke ved denne særordninga, og ho kan dermed truge medisintilgangen for svært mange menneske i fattige land.

Lang kamp i retten
Denne saka er reist av det sveitsiske farmasiselskapet Novartis, og dreiar seg i utgangspunktet berre om patentrettane for kreftmedisinen Gleevec. Men utfallet av saka kan få konsekvensar også for ei lang rekkje andre medisinar som i dag blir produserte billeg i India, skriv New York Times. Klagemålet frå Novartis har alt versert i det indiske rettsvesenet i seks år før ho no kjem opp i høgsterett i New Delhi. 28. mars går neste runde i saka. Novartis har tidlegare tapt i to omgangar i lågare domstolar i India.
Indiske styresmakter har nekta å anerkjenne Novartis sin patentsøknad for Gleevec, i Noreg kalla Glivec, som er ein medisin mot fleire ulike kreftformer. I USA kan behandling med denne medisinen koste 350.000 kroner i året, medan den indiskproduserte versjonen kostar kring 12.500 kroner.

Denne saka er isolert sett kanskje ikkje så veldig viktig. Men om Novartis får gjennomslag og saka skaper presedens også for andre medisinar, kan konsekvensane bli svært store. Konkurransen mellom ulike billegprodusentar i India har drive ned prisen dramatisk på ei lang rekkje livsviktige medisinar. Til dømes opplyser Leger uten grenser at aidsmedisin som i 2000 kosta kring 60.000 kroner for eit års behandling, i dag kostar kring 860 kroner året.

Nyttar utgåtte patent
Det er ikkje slik at indiske styresmakter gjev heilt blaffen i patent på legemiddel. Sidan 1995, da landet slutta seg til den såkalla TRIPS-avtalen i WTO, har nyutvikla medisinar frå vestlege farmasiselskap fått patentvern også i India. Den indiske farmasiindustrien nyttar seg først og fremst av eldre medisinar som patenta har gått ut på, i tillegg til at India sjølv utviklar ein del nye medisinar.

Patent på medisinar går etter TRIPS-avtalen normalt ut etter 20 år. Gleevec-saka handlar om kor store endringar ein må gjere på ein etablert medisin for at patentet skal kunne fornyast. Ein vanleg praksis for dei store farmasiselskapa er å gjere modifikasjonar av eksisterande medisinar slik at dei kan fornye patentet sin. Ein økonomisk fornuftig taktikk, sidan det berre er småpengar å tene på ein medisin så snart patentet har gått ut og andre selskap fritt kan konkurrere om å produsere han.

Denne metoden blir på engelsk omtala som evergreening – medisinane blir haldne «eviggrøne». Det er dette handgrepet indiske styresmakter ikkje aksepterer. Den indiske patentlova seier at ei ny form av ein kjend medisin må kunne vise markert betre behandlingseffekt for å kunne få fornya patentrettar. Men definisjonen av kriteria er uklar, og her står striden i indisk høgsterett, skriv New York Times. Novartis meiner at til dømes endringar som gjer ein medisin tryggare eller lettare å bruke, bør vere nok til å kvalifisere for eit nytt patent. Slike patent blir ofte godtekne i Europa og USA.

Andre selskap fører liknande kampar i indiske rettssalar: Gilead Sciences krev fornya patent på HIV-medisinen Viread, Roche krev rettar for kreftmedisinen Tarceva.

Stor eksport
For India handlar desse spørsmåla om fleire ting: Dels om høvet til å lage medisinar til ein overkomeleg pris for ein milliard indarar, dels om omsynet til ein nasjonal gigantindustri som eksporterer medisin for kring 50 milliardar kroner i året. India er faktisk verdas største medisineksportør.

Men langt viktigare enn profitten til indisk farmasiindustri er medisintilgangen for dei fattige i verda. Og det er ikkje berre i India at Novartis møter sterk motstand i kampen for patentrettane sine. Aids-aktivistar og ei rekkje bistandsorganisasjonar rundt i verda har oppfordra Novartis om å fråfalle kravet sitt.