No får du Norsk Ordbok på nett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk Ordbok lanserte torsdag ei eiga nettutgåve av det store ordbokverket. Lanseringa skjer samtidig med at Norsk Ordbok no har fullført den aller siste korrekturlesinga av det tiande og tredje siste bindet, som rommar 25.000 ord frå skodde til sæveleg.

Alle dei ti binda er likevel ikkje med i nettutgåva i denne omgangen, men dekkjer orda frå bokstaven i til verbet skodda. Om eit par månader, når det tiande bindet er ferdig trykt, skal også orda til og med sæveleg leggjast til.

Startar på i
Men dei første binda som vart gitt ut frå 1966 og fram til redigeringa vart fullelektronisk – bokstavane a til h – har det ikkje vore råd å få med i den første versjonen. Prosjektleiar Åse Wetås i Norsk Ordbok sa under lanseringa på Universitetet i Oslo torsdag at Norsk Ordbok meinte tida no var inne til å få verket ut på nettet, sjølv om ikkje alt er med.

– Vi liker heller å få til ting innanfor dei rammene vi har, enn å tenkje på korleis ting kunne ha vore i ei ideell verd eller i ein parallell røyndom. Derfor har vi valt å gjere det på denne måten, sa Wetås.

– Når bind ti er på plass, så kjem nettordboka til å innehalde cirka 140.000 ordartiklar, og det synest vi ikkje er så verst.

Dei fire og eit halvt første binda blir det neppe tid til å få inn i nettordboka før heile ordbokprosjektet er i mål i 2014. Men dei siste bokstavane i alfabetet skal leggjast til etter kvart som ordbokforskarane blir ferdige med dei.

Prøv vår Bokmålsquiz!

Komplette ordartiklar
Om ikkje alle orda er med, så er elles ordboka komplett med oppslagsord og alle opplysningar om bøyingsmønster, bruksmåtar, definisjonar, kjelder, stadtilknyting, bruksdøme og meir. Og i motsetning til i dei trykte ordbøkene, er det lett å klikke seg frå eitt ord til eit anna eller kople deg vidare via andre opplysningar, til dømes kjelder og stadnamn.

Norsk Ordbok har elles også etablert seg på både Facebook, Twitter og Google+ og håper at mange vil fortelje dei kva dei synest om ordboka der og andre stader.

Den digitale ordsamlinga er utvikla i samarbeid med Eining for digital dokumentasjon (Edd) ved Universitet i Oslo og Samlaget, som òg skal publisere nettordboka på nettsida si.

Det storstilte ordsamlingsprosjektet kom i gang i 1930, men først i 1966 var det første bandet klart. Heile ordbokprosjektet skal vere fullført til grunnlovsjubileet i 2014 og kjem da til å telje tolv band. (©NPK)

Prøv vår Ivar Aasen-quiz her!