Bistand bidreg til vekst
Er bistand til fattige land skadeleg for utviklinga i landet? Nei, konkluderer eit internasjonalt forskingsprogram.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi har analysert 36 afrikanske land og kan på bakgrunn av det konkludere at bistand skaper økonomisk vekst, seier Finn Tarp, professor frå Københavns Universitet som var sentral i forskingsprogrammet, til Berlingske Tidende.
Ifølgje Finn Tarp har ingen kritikarar i forskningsverda funne feil i arbeidet så langt, og han håpar difor at debatten kan flyttast over til korleis bistand til u-land kan bli betre og meir effektiv i staden for om han verkar i det heile.
Positiv effekt kraftig redusert?
Mange hevdar at den positive effekta bistand til utviklingslanda har blir kraftig redusert av faktorar internt i landa, mellom anna på grunn av at bistanden går til utvikling av militæret og får dei til å ta mindre ansvar sidan dei reknar med at rike land vil hjelpe om dei verkeleg treng det.
Dessutan har mellom anna Christian Bjørnskov frå Aarhus Universitet synt gjennom forsking at bistandspengane oftast havnar i lommene til mottakarlandet sine rikaste innbyggjarar.
– Dei siste åra har det vorte populært å postulere at utviklingsbistanden i beste fall er verknadslaus og i verste fall direkte skadeleg for utviklingslanda. Og jo, bistand kan ha negative konsekvensar. Eksempelvis at bistanden har stått i vegen for naudsynte politiske reformar. Men dei
ulike risikoane til tross, hovudkonklusjonen er klar, bistand bidreg på lang sikt til vekst og framgang i mottakarlanda, avsluttar Finn Tarp.