Vanskeleg å kjøpe eigen bustad

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Umogleg å kjøpa hus

Dette viser ei forbrukarundersøking som SpareBank 1 Gruppen har gjort i mars. Kravet om eigenkapital vart frå nyttår sett opp frå 10 prosent til 15 prosent.

– Utan økonomisk hjelp frå foreldre eller andre, har draumen om eigen bustad vorte uoppnåeleg for mange. Taparane er dei utan nok sparepengar eller familie som kan stille opp. Situasjonen etter nyttår har vorte endå vanskelegare for dei unge, seier forbrukarøkonom Magne Gundersen.

Han meiner dei unge opplever ei dobbel hindring på bustadmarknaden. Prisane stig raskare enn dei kan spare, samstundes som kravet til eigenkapital aukar.

Rentenivå
Undersøkinga viser også at blant dei med bustadlån ventar 46 prosent på høgare rente om eitt år. Det er venta at Noregs Bank held styringsrenta uendra i mars og ut året, men det tyder ikkje nødvendigvis at bankrenta til kundane held seg uendra.

LES OGSÅ: Noreg er verre enn Hellas

– Eit klart fleirtal ventar høgare eller uendra renter det neste året. I praksis tyder dette at mange er førebudde og tek høgde for høgare rente i privatøkonomien, seier Gundersen.

Han synest likevel det er urovekkjande at halvparten av dei yngste bustadeigarane ikkje har såpass oversikt over eigen økonomi at dei veit kor stor renteauke dei kan klare.

Klarer ikkje
Forbrukarundersøkinga viser at tre av ti spurde ikkje klarer ei bustadrente på over 5 prosent. Blant dei med bustadlån seier 8 prosent at dei ikkje toler renteauke i det heile, 8 prosent seier dei klarer ei rente på inntil 4 prosent, medan 14 prosent seier dei kan takle eit rentenivå på inntil 5 prosent.

LES OGSÅ: Når gode råd blir billege

Dette tyder altså at 30 prosent seier dei ikkje har ein privatøkonomi som toler ei rente på 5 prosent.

Men undersøkinga viser at ein del klarer ei klart høgare rente. Heile 34 prosent av dei med lån seier kan handtere ei rente på over 8 prosent.

For låge
Sidan finanskrisa har rentene gått mykje ned, og både Noregs Bank og bankane seier at låntakarane må innstille seg på ein gradvis auke opp til 5– 6 prosent. Beste utlånsrente frå bankane i dag er i underkant av 4 prosent.

LES OGSÅ: Oppmodar til opprør mot bustadpolitikk

– Det er urovekkjande at mange ikkje toler ei rente på 5 prosent. Dei vil få problem før rentene når 5– 6 prosent, som Noregs Bank definerer som eit normalnivå, seier Gundersen.

Han åtvarar mot ei oppfatning som er i ferd med å breie seg, om at det låge rentenivået vi har i dag skal feste seg som eit nytt normalnivå. (©NPK)

Kva meiner du bør gjerast for å gjera det lettare for unge å kjøpa eit husvere?