Land som baserer seg på store naturressursar gjer det dårleg på utdanning.

mm

Ein ny rapport frå OECD samanliknar PISA-resultata(som testar ferdigheitane til 15-åringar ) ulike land fekk i matematikk og kor stor prosent av BNP naturlege ressursar utgjer for kvart land.

Resultatet var rimeleg klart og eintydig: Det er eit klart negativt samband mellom pengane som landa får ut av naturressursane sine og ferdigheitane til 15-åringane deira har. Dette gjeld over heile verda, ikkje berre i vestlege land.

Studentar i land som Singapore, Sør-Korea, Finland, Hong Kong, Japan og Sveits har ekstremt høge resultat frå PISA-testinga og svært få naturressursar, medan Saudi-Arabia, Qatar og Oman er eksempel på land med svært høg prosent av BNP frå naturressursar og låge resultat frå PISA.

Det er òg interessant at land som Libanon og Tyrkia, som har få naturlege ressursar, hadde langt høgre resultat frå PISA enn nabolanda som baserte økonomien meir på naturressursane sine.

Land som Noreg og Australia er unntak frå regelen, sidan desse har relativt høge resultat frå PISA medan dei òg har mange naturressursar.

Noreg ligg likevel under alle dei nordiske landa, bortsett frå Sverige.

Skuleresultat avgjer kor godt det vil gå
Andreas Schleicher frå OECD seier til New York Times at kor gode resultat eit land har i skulen er ein viktig predikator for kor godt det vil gå for landet på lengre sikt.

– I land med lite eller få naturlege ressursar, som Finland, Singapore eller Japan, har utdanning gode resultat og høg status, i alle fall delvis på grunn av at folket har skjønt at landet må leve av kunnskap og ferdigheiter og at desse avheng av kvaliteten på utdanninga. Alle foreldre i desse landa veit at ferdigheiter avgjer kor godt barnet gjer det i framtida og at ingenting anna kan redde dei, så dei byggjer opp ein heil kultur og utdanningssystem ikring dette, seiar han til avisa.

Det er fint å ha olje, gass and diamantar, desse kan kjøpe jobbar. Men dei vil svekke samfunnet på lang sikt om dei ikkje blir nytta til å lage skular og ein kultur av livslang læring.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35
ANNONSE