Absolutt siste sjanse

Nokon må redde norsk politikk. Alt er i ferd med å gå til helvete.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er kaos på alle kantar. Dei folkevalde går frå skandale til skandale. Statsrådane går frå skandale til skandale. Det er ein illeluktande graut av korrupsjon, kriminalitet og dårlige venner, heile greia. Vi kan ikkje ha det sånn. Det tek på. Veljarane mister tilliten. Systemet rasar. Resten av verden ristar på hovudet. Og det kan ikkje vere sunt for dei politiske kommentatorane våre å vere på tv kvar einaste dag med bekymra ansiktsuttrykk. Ein kan få ansiktsskadar av slikt. Fleire av dei har fått det allereie, ser det ut til.

Det går mot slutten. Alt håp er snart ute. Systemet er rote og nasjonen går til grunne.

Noko må gjerast. Og som vanlig er det nok eg som må gjere det.

Så slapp av, folkens! Norsk politikk er redda. Eg har nemlig bestemt meg for å stifte eit nytt politisk parti. Eller, politisk og politisk. Eit nytt parti, i alle fall. Eit parti som gir håp om ei betre framtid.

Partiet skal heite Partiet Som Ikkje Gjer Noko Feil. Det er i alle fall mitt forslag. Men dersom nokon andre vil at partiet skal heite noko anna, så er det også greitt. Eg skal ikkje bestemme noko berre fordi eg fann opp partiet. Eg skal ikkje bestemme noko som helst, faktisk. Ingen andre heller. Eg trur det er best slik.

Partiet vårt skal ikkje ha logo. I alle fall ikkje med fargar.

Når eg tenker meg om: Kanskje er det tryggast å ikkje ha namn også. Kanskje berre eit symbol som ikkje betyr så mykje. For eksempel: O.

Ja, det seier vi, inntil vidare, men mindre nokon har eit betre forslag. Partiet skal heite O.

Partiet vårt skal ikkje ha leiarar. Slike må alltid gå av, og bli erstatta av andre leiarar som også må gå av. Det bidreg berre til politikarforakten.

Vi skal ikkje bli spesielt store. Då blir det berre makt å få, med alt det medfører av bråk og korrupsjon.

Det ideelle hadde vore å ikkje ha medlemmer eller aktive politikarar i partiet også, men då kan det kanskje ikkje kallast eit parti. Problemet med medlemmer og politikarar, spesielt om det blir mange av dei, er at dei finn på så mykje rart, og gjer feil og dumme ting, og dersom dei ikkje gjer feil og dumme ting, så kan du vere heilt sikker på at dei har venner som gjer feil og dumme ting.

Venner er ikkje bra.

Eg trur det er tryggast om ingen i vårt parti har venner. Det blir berre rot av slikt. Og rot er jo akkurat det vi vil ha slutt på, før nasjonen går til grunne. Og så er det nok fint om ingen i partiet har heimar. Heimar kan misbrukast. I heimen kan ein ha gjester, og fuglane veit kva slags folk det er eller kva ein kan få lyst til å gjere med desse folka. Dessutan kan ting oppbevarast heime.

Politikk skal vi heller ikkje drive med. Vi skal i alle fall ikkje seie høgt kva vi meiner. Vi kan kanskje mumle. Men helst ikkje det heller. Mumling kan sikkert tolkast i mange retningar, og tolking er noko vi ikkje må vere opne for.

Vi skal ikkje gi pengar til nokon eller ta pengar frå nokon. Vi skal ikkje ha noko med pengar å gjere i det heile tatt. Det er nok det tryggaste.

Dette trur eg er det som skal til for å redde landet vårt frå det totale kaoset som no truar: Eit politisk parti som ikkje er politisk og ikkje har politikk, og har medlemmer som ikkje har heimar eller venner eller meiningar, og som ikkje gjer noko verre enn å kanskje mumle litt i godt lag.

Det er ditt val. Partiet som kanskje heiter O er partiet som gir håp om ei anna framtid for det kriseramma landet vårt.

Dette er mitt løfte, på vegner av partiet: Dersom vi kjem inn på Stortinget, så lover vi å ikkje gjere noko som helst i fire år.

Berre hyggelig.

Denne artikkelen stod først på trykk i Aftenposten 10. mars.