LSD kan behandle alkoholisme

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskar Pål-Ørjan Johansen og stipendiat Teri Krebs ved Institutt for nevromedisin analyserte eldre forsking på LSD då dei kom fram til at éin dose av stoffet kan fungere like godt når ein er avhengig av alkohol som daglege dosar av medisinar som blir brukte i dag. Dei ønskjer no LSD i behandling av alkoholisme i Noreg, skriv VG Nett.

– Ein bør vurdere å tilby repetert LSD-behandling i kombinasjon med anna terapeutisk behandling til pasientar som ikkje har fått hjelp av dagens metode, meiner forskarane.
Forskinga blei gjort på 1950-, 60- og 70-talet, og totalt fann forskarane seks studiar som tilfredsstilte dei vitskapelege krav vi har i dag og undersøkte desse.

Ved oppfølging hadde 59 prosent av pasientane som hadde fått LSD, anten slutta å drikke, eller dei drakk mindre enn før.

– Behandling med éin enkelt dose LSD ser ut til å gi like godt resultat som dagleg bruk av medikament som blir brukt mot alkoholisme i dag. Det er uvanleg at eit legemiddel har behandlingseffekt i eit halvt år etter éin dose, seier forskarane.
LSD kan gi endra medvitstilstandar og sanseopplevingar. Det er forbode som rusmiddel, men er tillate som legemiddel. (©NPK)