Røysterett gav parti-kveik

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Utruleg positivt at så mange engasjerer seg politisk, og eg trur me berre vert endå fleire, seier Erling Sande, stortingsrepresentant og sjølv har vore aktiv SpU-ar.

Stor aktivitet
– Det er viktig å engasjera dei unge, og me er utrulege glade for at me har fått skipa eit ungdomsparti. Me merkar auka tilslutnad frå dei unge. Gledeleg og me vil satsa endå meir på ungdomen, seier Svein Ove Slinde, leiar i Luster Sp.

AUF har vore det leiande ungdomspartiet i kommunen, men det siste året har Sp skipa ungdomslag, og ungdomslaget kan visa til god aktivitet.

Oppmuntrande
– Senterungdomen i Luster skal ta opp konkurransen med AUF, i alle fall når det gjeld aktivitet, er den klare meldinga frå Aina Stokkenes, nestleiar i Luster SpU. Christine Morken, leiar, nikkar ivrig.

LES OGSÅ: Utvida demokrati gav auka valdeltaking

I helga var fire lustra­ungdomar utsendingar på det første Sp-fylkesårsmøtet sitt, eit møte som gjev ungdomane glød til å stå på, og få endå fleire med seg.

All ros
– Prøveordninga med røysterett til 16-åringar vart ein suksess i Luster. Det viser at dei unge er engasjerte, seier Christine.

Ungdomspartiet skipa lag i fjor, og talet på unge medlemer har auka. Nære 10 av medlemene er i aldersgruppa 16 til 18 år.

LES OGSÅ: Ungdommane vil også styra

– Me såg me var mange som var interesserte i politikk og me høyrde heime i Sp. Me ville få endå fleire til å vera aktive, og difor inviterte me til medlemsmøte. Kjekt er det at så mange unge vil vera aktive politiske, seier Aina, og førebur seg på ein aktiv politisk vår og haust.

I vår reiser tre av senterungdomane i Luster på vårslepp på Sørmarka, der SpU-arar frå heile landet møtes til kursing.

– Luster skal vera den mest offensive SpU-kommunen, seier dei fire SpU-arane.

LES SAKA I SOGN AVIS!