Vil framleis bli SV-leiar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Audun Lysbakken (SV) går av som barne-, likestillings- og inkluderingsminister som følgje av sjølvforsvarssaka. Han understrekar at han likevel framleis vil vere leiarkandidat for SV.

Det sa Lysbakken på ein pressekonferanse måndag ettermiddag der han la fram ny informasjon om sjølvforsvarssaka.

Sjå video frå pressekonferansen hjå ABC Nyheter!

Lysbakken la måndag fram elleve nye e-postar og tre SMS-ar som handlar om denne saka. Han meiner ingen av dei forandrar noko av det han har sagt om saka til no.

ARE KALVØ: Hit eit steg og dit eit steg

– Det er ikkje noko i dette materialet som rokkar ved det eg tidlegare har fortalt Stortinget, sa Lysbakken.

Han vedgår at søka som tidlegare har vorte gjort, var for dårlege. Denne gongen vart det innhenta ekstern hjelp, og rundt 4 millionar e-postar vart gjennomsøkt. I tillegg vart alle SMS-ar til og frå Lysbakken analysert. I to SMS-ar mellom han og statssekretær Kirsti Bergstø den 31. oktober i fjor vart saka omtalt for første gong.

– Eg har gjort alt eg kan for å finne all relevant informasjon om denne saka. Eg lova full openheit om alle dokument i saka. Eg ser alvorleg på at vi ikkje greidde det i første runde, sa Lysbakken. (©NPK)

Var det rett av Lysbakken å gå? Kven meiner du bør bli leiar av SV?

Faktaboks

Jenteforsvaret blei før jul tildelt 154.000 kroner for å arrangera kurs i grensesetjing og sjølvforsvar for jenter. Då Jenteforsvaret søkte på pengane var dei ein del av SV sin ungdomsorganisasjon, Sosialistisk Ungdom.

Tildelinga av pengar blei aldri lyst ut, slik at andre organisasjonar kunne søkja på desse pengane.

Saka har ført til kritikk mot barneminister og kandidat til vervet som SV-leiar Audun Lysbakken.