Google avgjer nynorskprosenten

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Google-søk på «ikkje» og «frå» er framgangsmåten når Språkrådet måler nynorskprosenten ved universiteta. Metoden er misvisande, meiner Universitetet i Oslo.

Både Universitetet i Oslo (UiO) og universitetet i Trondheim (NTNU) strevar med å oppfylle krava i mållovsforskriftene om å ha minst 25 prosent nynorsk i kommunikasjonen sin med omverda. I fjor var berre 3,7 prosent av stoffet på nettsidene til NTNU på nynorsk. UiO er ikkje stort betre.

– For enkelt
Men UiO meiner det er for enkelt å søkje på «ikkje/ikke» og «frå/fra» for å finne fordelinga av dei to målformene. Universitetet reagerer på at nynorskprosenten deira går ned trass det store arbeidet som er gjort for å auke nynorskinnslaget, skriv Universitetsavisa ved NTNU.

– Metoden er lite haldbar. Målemetoden til Språkrådet tar ikkje omsyn til unntaka. Dessutan er det uvisst kor djupt Google reelt kartlegg nettsidene ved UiO. Det er ikkje mogleg å trekkje ut frå statistikken dei sidene som ikkje skal teljast med, skriv administrasjonssjef Bjørnar Sarnes i kommunikasjonsavdelinga ved UiO i ein e-post til avisa.

Universitetet hevdar at brorparten av treffa i Google gjeld tekstar som ikkje er underlagt mållova. Det gjer store utslag på den prosentfordelinga Google viser.

UiO har lagt fram innvendingane mot målemetoden i den siste rapporten sin til Språkrådet.

Manglar betre metode
Fagkoordinator Sigfrid Tvitekkja i Språkrådet seier til Universitetsavisa at dei er klare over at målemetoden kan ha sine svake sider når dei store statsverksemdene skal målast. Men så langt har ikkje rådet funne nokon betre og meir nøyaktig metode.

– Vi prøver no å undersøkje om det finst alternative målemetodar. Vi har blant anna hatt kontakt med eksterne aktørar, seier Tvitekkja.

Ho hadde gjerne sett at verksemdene sjølve hadde verktøy som målte nynorskbruken jamleg. Det kunne ha gitt meir pålitelege resultat.

Språkrådet stoler likevel ikkje blindt på Google. Nettsidene blir også granska manuelt for å sjå om tala stemmer sånn nokolunde. Der i garden er dei også opptatt av om nynorsken er synleg på nettstaden.

– Vi prøver å gi tilbakemelding om at nynorsken som finst, også må vere synleg. Viss folk ikkje ser nynorsken, er litt av vitsen borte, seier Tvitekkja. (©NPK)