Forskingsgruppe i Pentagon vil skape ekte avatarar for amerikanske soldatar.

mm

DARPA, forskingsgruppa til Pentagon, skal bruke omlag 40 millionar kroner på Avatarprosjektet sitt i 2013, ifølgje Wired. Målet for dette prosjektet er å skape ei halvautonom maskin som kan fungere som surrogat for ein soldat.

Dei har allereie lukkast med å skape robotar som kan kontrollerast med hjernekraft, og er trygge på at satsinga vil føre fram til eit godt resultat.

Andre satsingsområde for forskingsgruppa er utvikling av høgintensive laserstrålar som skal kunne skyte ned fiendtlege rakettar og laserstrålar i framtida, og varslingssystem for dette.

Forskingsgruppa DARPA var også ein sentral aktør i utviklinga av internett.

Avatar berre byrjinga
Dmitry Itskov, ein russisk mediemogul, meiner avatarprosjektet ikkje går langt nok, han hevdar at vi kan konstruere robotar som innan ti år kan lagre menneskehjernar og la oss leve evig i dei nye robotkroppane.

– Ein person med ein perfekt avatar vil klare å delta i samfunnet på tilnærma vanleg måte. Folk ønskjer ikkje å døy, seier han til Wired.

Innan 30 år antek Itskov at vi har utvikla hologrambaserte kroppar som kan erstatte robotkroppane.

– Hologram gjev mange fordelar. Du kan gå gjennom veggar, gå like snøgt som ljos, held han fram.

– For nokre år sidan trudde ikkje folk at internett kunne fungere. Eg ser på Avatar slik. No er idèen ny og radikal. Det vil han ikkje alltid vere.

Trur du det går an å forska seg fram til evig liv?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE