Ei ny undersøking viser at eit urovekkjande høgt tal på elevar ikkje avsluttar helse- og sosialfagutdanninga.

NPK-NTB
NPK-NTB

I 2008 var det om lag 5.000 søkjarar, men under 600 av dei starta i lære som helsefagarbeidarar to år seinare, skriv Dagsavisen.

– Då eg såg desse tala trudde eg nesten ikkje på dei. For å få ein ny helsefagarbeidar må ein ha ti elevar, seier forskar Per Olaf Aamodt ved Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu).

Saman med kollegaer ved Nifu og Norsk institutt for by- og regionsforsking (NIBR) står han bak rapporten «Får vi nok personell til omsorgstenestene?» som vert lagt fram onsdag.

Rapporten er ei evaluering av «Kompetanseløftet 2015», som er langtidsplanen til regjeringa for å møte eldrebølgja.

Halvparten av elevane som vel helse- og sosialfag hoppar over til påbygging til generell studiekompetanse.

– Helsefagarbeidarutdanninga er tydelegvis ikkje attraktiv nok, seier Aamodt.

Han meiner den store nedgangen er ein utilsikta konsekvens av at ein la ned hjelpepleiarutdanninga samtidig som ein oppretta helsefagarbeidarfaget. Forskaren foreslår derfor at det vert innført eit nytt utdanningstilbod som liknar på den gamle hjelpepleiarordninga. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE