De har kanskje høyrd den bittersøte balladen “Lady Franklin’s Lament”?

Erlend Skjetne
Erlend Skjetne

Eg registrerer at det igjen er halloi og kommers kring polarområda og ymse polfararar. Det er ikkje til å undrast på; eg har sjølv sidan barndomen hatt ein fascinasjon for dei mystiske polarstroka og soga om dei, og drøymer enno om å få sjå eit hav fullt av isfjell raudskimrande i midnattssol. Sannsynlegvis får eg aldri oppleva det, men draumar og voner er jo nettopp det som har drive menneske til utforsking av desse ugjestmilde traktene, og skaffa samfunnet uvurderlege kunnskapar, og skrivebordsromantikarar som meg sjølv dei aller vakraste forteljingar å lesa. Sjølv om alle farvatn no er gjennomsegla, og alle landområde oppdaga, vitja og skildra, er det framleis mange mysterium igjen å undersøkje på jorda, og dei mest ambisiøse kan jamvel gje seg i kast med den uutgrunnelege himmelrømda. Men vitehækna kostar naturlegvis, tid og møde og somtid også menneskeliv.

All merksemda i media i det siste, kring meir eller mindre vanvitige polferder, har igjen fått meg til å tenkje på ei historie eg las med lidenskap i barndomen, som må vera den største tragedien i heile den moderne polarsoga.

ARE KALVØ: God kveld, jubileum!

De har kanskje høyrd den bittersøte balladen “Lady Franklin’s Lament”? Visa omhandlar den engelske kontreadmiral sir John Franklin sin ulykksalege ekspedisjon i Nordvestpassasjen, som tok til så langt attende som i 1845.

Med dei to skipa Erebus og Terror, tidlegare nytta i James Clark Ross sin fire år lange og svært vellykka Antarktis-ekspedisjon, drog Franklin og mannskapet på 128 mann, i veg for å forsere dei siste uutforska delane av Nordvestpassasjen, altså sjøvegen frå Atlanterhavet til Stillehavet mellom øyane nord i Canada. Det var vår eigen Amundsen som tidleg på 1900-talet skulle bli den fyrste til å lykkast med dette forsettet, for det gjekk så visst ikkje etter planen med Franklin “and his gallant crew”. Alt den fyrste vinteren, då dei slo leir på den aude Beechey Island, døydde tri menn.

Gravene til desse tri har sidan vorte funne, og lika undersøkte for å få klårleik i nokre av dei fyrste problema som råka ekspedisjonen. Kroppane viste seg å vera eksepsjonelt godt bevarte, av telen, og liket av kvartermeister John Shaw Torrington som døydde berre tjue år gamal, er truleg det nest finaste dømet på naturleg mumifisering vi har sett, etter den uhyggeleg livaktige Tollund-mannen, gravlagd i ei myr i Danmark i jarnalderen. Mellom daudsårsakene til Torrington var lungebetennelse, tuberkulose og blyforgifting, truleg som ei fylgje av blyet i boksane matrasjonane på ekspedisjonen var pakka i. Den unge mannen vog under førti kilo då han døydde.

I september 1846 vart båe skipa fanga i skruisen ved King William Island, og i juli året etter døydd Franklin sjølv, utan at noka redning var kome nærare for mannskapet hans. Etter å ha overvintra på nemnde øy, og allereie mist godt over tjue menn, byrja brorparten av dei gjenlevande i april 1848 å vandre sørover. Tappa for krefter, ramma av skøyrbuk, botulisme og alle dei lidingane Torrington hadde opplevd, kom dei aldri eingong nær sivilisasjonen. Så vidt vi veit døydde alle i isaudna, og sjølv om det vart upopulært i England, der Franklin og mennene hans hadde ei skyhøg stjerne, tyder beinfunn på at desperasjonen mot slutten dreiv sume av dei til kannibalisme.

LES OGSÅ: Sjå Bergen anno 1350!

Om dette ana ikkje verda noko før lenge etterpå. Moderlandet, og Franklins ulykkelege enkje, var naturlegvis fullstendig avskorne frå det som hende oppe i den arktiske øydemarka. Men det var enorm interesse for mysteriet, og i 1848 byrja den fyrste av ei rekkje leiteaksjonar. Over eit langt tidsrom skulle desse undersøkingane sakte, men sikkert pusle saman den forferdelege historia. Ein fekk augevitneskildringar frå inuitar som hadde møtt på karavanen av halvt ihelfrosne, utsvelte og mentalt uttærte menn, og som også hadde i forvaring sylvtøy og anna materiale frå dei og frå skipa. Det kom også for dagen etterlatne skriftlege meldingar frå nokre av mannskapet, inga lystig lesing, og einskilde skjelett og ein livbåt.

Heilt inn i vår tid har stendig nye ekspedisjonar gjort stendig nye funn, og lærerikt har det saktens vore, utan at dette gjer den tragiske historia mindre tragisk. Men det er rart med det; med tida og nye generasjonar blir sorga lækt, jamvel over noko så uhyrleg, og attende blir berre legendarien, eventyret, dei svermariske fantasiane ein kan mane fram der ein sit ved skrivebordet, varm og mett og velnøgd.

Les saka i Magasinett!

 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE