Pensjonistar vil hjelpe unge

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noregs Pensjonistforbund er det største pensjonistforeining i Noreg og har nær 200.000 medlemmar.

– Her ligg det enorme ressursar, seier Tone Bye, konsulent for sosialsaker i Pensjonistforbundet.

Forbundet meiner skulene, barn og unge bør koplas meir saman enn det som skjer i dag.

– Om ein samarbeider, vert det som eit kinderegg. Dei eldre får oppleve meistring og får auka sjølvkjensle, medan ungane får kontakt med den eldre generasjonen. Mange born manglar ein slik kontakt i dag, fordi familien kan bu langt frå kvarandre eller vere splitta. I tillegg vert det eit tettare lokalsamfunn, seier Tone Bye, konsulent for sosialsaker i Pensjonistforbundet.

LES OGSÅ: Skuleforeldre skaper samhald

Ho meiner det bør byggjast ut eit betre samarbeid mellom eldresentra, frivilligheitssentralar og kommunar. Ho oppmodar kommunar om å tenkje nytt.

– Ein må ikkje sjå på eldre som ein byrde, men ein ressurs. Kanskje kan vi på sikt unngå at unge fell frå i skulen og i samfunnet, og unngå at eldre vert triste og einsame, seier Bye.

Generasjonar til topps
Kvart år vel EU eit tema for året. Målet er å auke kunnskapen til befolkninga på nettopp dette området. 2012 er året for aktive eldre og solidaritet i mellom generasjonane.

Pensjonistforbundet har inngått eit samarbeid med Noregs Raude Kross om å delta på leksehjelp. Alle dei 900 lokalforeiningane til forbundet vert oppmoda om å hjelpe til med leksehjelp.

– Krev pengar no
Både leksehjelp og skulebesteforeldre sett eit krav til politikarane om å ynskje å prioritere det.

– Å få i gang tilbod som til dømes skulebesteforeldre vil krevje pengar no, men på lang sikt vil ein tene inn dei pengane att, seier Bye.

Slik kan det fungere med skulebesteforeldre (lenkje til fyrste sak).

Men sjølv om det ikkje eit nasjonalt opplegg for skulebesteforeldre, ynskjer fleire å gjere som Bøverbru skule på Toten.

Humanistskolen er ein ny privat ungdomsskule som skal byrje i Oslo hausten 2013. Dei har allereie no førespurnader ute etter skulebesteforeldre.

Skal skape tryggleik
– Vi ynskjer skulebesteforeldre som kan bidra til å skape ein trygg og roleg stemning i klasserommet. Ordninga har vore prøvd tidlegare og vore ein stor ressurs, seier Ole Martin Moen, dagleg leiar for Humanistskulen.

Skulebesteforeldra vil ikkje ha noko fagleg ansvar, men skal vere til stades for elevane.

LES OGSÅ: Mannleg lærar ville berre vera ven med dei finaste jentente

– Vi ynskjer at dei skal delta på felles skulefrokost kvar måndag og vaffelsteiking kvar fredag ettermiddag, i tillegg til turar og utfluktar. Det kan òg vere naturleg at skulebesteforeldre kan vere med i einskilde fag som kunst – og design, historie eller mat – og helse, seier Moen.

Humanistskolen vil no ta kontakt med ulike seniorgrupper i Oslo for å rekruttere skulebesteforeldre.