Før sov vi to gonger kvar natt

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 14.11.2017 14:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den mest avgjerande endringa i søvnmønsteret vårt kom saman med at elektrisk ljos vart introdusert.

– Før den industrielle revolusjonen hadde vi heilt andre rytmer, nemleg det eg kallar segmentert søvn, skriv Roger Ekirch.

Han har i si 20 år lange forsking funne over 500 skriftlege kjelder, heilt attende til Homer, som støttar opp om konklusjonen hans: At vi ein gong har hatt to søvnfasar kvar natt.

– Dei fekk namn som «første søvn» og «andre søvn» eller «morgensøvn». Den første, som vart sett som den viktigaste, låg normalt frå ikring klokka 21 til ikring midnatt. Ein vakna så opp og var vaken ein eller to timar før ein fall inn i den andre søvnen, som vara til dagsljoset kom, held Ekirch fram.

Tryggleik å vere vaken
Dei opp mot tre timane med vaketid midt på natta vart fylde med ulik aktivitet. For det første var det ein tryggleik å vere vaken.

– Heilt konkret var det dei mørkaste timane i døgnet, og difor var det større risiko for til dømes innbrot og eldbrannar. Det var difor smart å halde seg vaken.

Det var og sterk overtru knytta til nattetimane:

– Det vart jo ofte sagt at demonar kjem til jorda i timane mellom midnatt og 03. Dei kom i mange ulike former, men her i nordeuropa var jo særleg maren, som rir på dei som søv i dei timane vi snakkar om her.

Seksuell aktivitet
Men det var òg ting som handla meir om lyst.

Mykje tydar på at det var i dei våkne timane mellom dei to søvnperiodane at dei fleste barn vart produsert. I dag er seksuell aktivitet oftast lagt til tida rett før ein legg seg, men bønder som kom heim etter ein lang dag ute på marka, var oftast for trøytte til noko anna enn litt mat før dei måtte sove. Etter tre timar med søvn var situasjonen annleis.

Ekirch har mellom anna funne ei tekst frå ein fransk lege på 1700-talet som forklarar den høge fruktbarheiten åt bønder med at dei i høgare grad enn folk i byen hadde desse vakne nattetimane.

Les meir: Sov deg til betre karakter 

Meditasjon og mental avslapping
Mange kjelder fortalde at folk brukte tida til å roe seg ned og meditere over draumane sine, noko som ikkje er like vanleg i dag.

– Det er ikkje tilfeldig at fleire og fleire folk i det moderne samfunnet melder om nervøsitet, stress og depresjon og at alkoholisme og stoffmisbruk har vorte meir vanleg, seier søvnpsykologen Gregg Jacobs til BBC.

Kjelder:
“Dreams Deferred”

Sleep We Have Lost: Pre-industrial Slumber in the British Isles

The myth of the eight-hour sleep (BBC)

Faktaboks

Nokre av dei litterære kjeldene til Roger Ekirch:

“Don Quixote gjorde det som kjendes naturleg, og nøgd med sin første søvn, trong han ikkje ein til. Sancho ville aldri ha ein andre søvn, sidan den første vara frå natt til morgon for han.” Miguel Cervantes, Don Quixote (1615)

“Han var klar over dette, sjølv med frykta som han hadde frå den første søvnen, og kasta opp vindauge for å fjerne det ved å kjenne nærleiken til ein ting, utanfor rommet, som ikkje hadde vore vitne til draumen.” Charles Dickens, Barnaby Rudge (1840)