Mediebransjen er verstingar på handsaming av vikarar. Unge journalistar må sjå langt etter fast stilling når dei er ferdig utdanna.

Universitas/Håkon Frede Foss og Vegard Røneid Erikstad
Universitas/Håkon Frede Foss og Vegard Røneid Erikstad

Ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) blir det utdanna mange med ønske om ein fast jobb i mediebransjen kvart år. Men ikkje mange av dei Universitas har snakka med trur at det kjem til å hende med det første. To av desse er Tine Eide og Lars-Erik Kasin, som begge studerer journalistikk ved HiOA. Dei ser for seg fleire år som vikarar før dei kan vente seg fast stilling.

– Eg trur ikkje ein vel journalistikk om ein berre går etter fast jobb. Vi er alle klare over at det er veldig vanskeleg å få seg fast jobb i bransjen, seier Kasin.

Eide synest ikkje det er problematisk å jobbe som frilansar i ung alder.

– Men som mellombels tilsett blir det vanskeleg å planleggje framtida med tanke på familie, og det kan bli vanskeleg å få bustadlån utan fast inntekt, seier ho.

Ulik handsaming
I undersøkinga «Kolleger, ikke B-lag» slår Norsk Journalistlag (NJ) fast at holet etter faste tilsetjingar vart fylt opp av mellombels arbeidskraft i kvar tredje redaksjon i 2009-2010. Ketil Heyerdahl, rådgjevar i NJ, jobbar mykje med problematikken ikring mellombels tilsetjing i mediebransjen. Han peikar på at dette er utfordringar som rammar unge i større grad enn andre.

– Vegen inn i mediebransjen går ofte via mellombels tilsetjing eller vikariat, så denne problematikken er veldig aktuell for mange unge arbeidstakarar, seier han.

Heyerdahl meiner ein del mellombels tilsetjingar i mediebransjen kan vere ulovlege.

– Lovlege mellombelse tilsetjingar er til dømes vikariat for dei som er i permisjon eller er sjuke. Dei ulovlege, som vi sjølvsagt er motstandarar av, dekkjer i realiteten arbeidsoppgåvene til ei fast stilling. Vi har inntrykk av at mange av mediebedriftene nyttar seg av den siste typen.

Journalistar på «lufting»
NJ meiner bruken av ulovleg mellombels tilsetjing er større i mediebransjen enn i andre bransjar. I undersøkinga si slår dei fast at andelen i medie-Norge er på mellom 15-20 prosent, medan landsgjennomsnittet var på 8 prosent i 2010. Heyerdahl utdjupar dette.

– Mediebransjen nyttar i større grad enn andre bransjar mellombels tilsetjing på ein ulovleg måte. Ei årsak til det kan vere at mange unge står og bankar på døra og gjerne vil ha jobb, seier han.

Oslo Journalistlag (OJ) har organisert en «mellombelspatrulje» som undersøker arbeidshøva for mellombels tilsette ute i mediebedriftene. Leiar for OJ, Martin Riber Sparre, fortel at patruljen har avdekka fleire kritikkverdige høve.

– Vi fant mykje som ikkje var etter regelverket. Fleire mellombels tilsette visste ikkje kven dei var vikar for, nokon hadde ikkje fått justert løna over fleire år og vikarar som hadde jobba i bedrifta over tid, måtte ut på «lufting», fortel Sparre.

– Ein del mellombels tilsette får ikkje halde fram etter elleve månader. Arbeidsgjevarane har eit økonomisk insentiv til å kaste ut mellombels tilsette før dei har jobba i eitt år, for då mistar arbeidstakaren alle opptente pensjonsrettar, seier han.

Ikkje hjå tanta
Hilde Haugsgjerd, sjefsredaktør i Aftenposten, kjenner seg ikkje att i NJs kritikk av vikarhandsaminga i bransjen.

– Men kvifor er det så mange mellombels tilsette i mediebransjen i høve til i andre bransjar?

– Det er ein lite interessant observasjon frå NJ. Mediebransjen er i ei valdsam omstilling der vi mistar inntekter grunna digitalisering. Men vi erstattar ikkje fast tilsette med vikarar, kontrar ho.

– Er «lufting» av vikarar eit begrep i Aftenposten?

– Nei.

– Vi har snakka med tilsette og tidlegere tilsette i Aftenposten som hevdar Aftenposten «luftar» vikarar, det vil seie sender vikarar ut etter 11 månadar slik at dei ikkje har rett på fast stilling. Kva er din kommentar til det?

– Folk er ikkje vikarar i Aftenposten over lang tid. Om nokon sluttar etter elleve månader er det av di vikariata ikkje varer lengre. Dersom nokon kjem inn i redaksjonen att etter litt tid er det av di dei har søkt eit nytt vikariat, og fått det. Vi har ikkje folk gåande i mellombelse stillingar i årevis, slik til dømes NRK har, seier ho.

Les saka i Universitas her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

ANNONSE