– La kommunane styre med småkraftverka
Søknadene om å få byggje småkraftverk hopar seg opp i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Frp meiner at kommunane bør godkjenne småkraftverka i staden.
For tida har NVE 728 vasskraft- og 113 vindkraftsøknader til behandling. Rundt 600 av dei gjeld småkraftverk. I fjor behandla direktoratet berre 63 søknader, og på det verste kan det ta seks år å få svar.
Stortingsrepresentant og Frp-talsmann for fornybar energi, Henning Skumsvoll, trur det er ein god idé å overføre godkjenningsmakta til kommunane. Da får vi lettare fortgang i saksbehandlinga, meiner han.
– Vi kjem til å fremje forslag om at regjeringa set i gang eit prøveprosjekt der nokre få kommunar får konsesjonsmakta for utbygging av småkraft, seier han til Nationen.
Skumsvoll ser for seg at fem– ti kommunar får høve til å prøve ut lokalstyrt småkraftgodkjenning over ein periode på fire år.
Dagleg leiar i Småkraftforeninga Henrik Glette er glad for alle konstruktive forslag, men tviler på at dette lar seg gjennomføre.
– Kommunane har ikkje kompetanse til å ta over dette ansvaret. Vasskraftkompetansen sit i NVE. Vi opplever NVE som konstruktive, men meiner dei må få større ressursar, seier Glette til avisa. (©NPK)