Kraftig vekst i søndagshandelen
Fleire og fleire butikkar held ope sundagar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
LO reagerer på at talet på søndagsopne butikkar har auka kraftig dei siste åra.
Tal som avisa Vårt Land har henta inn viser at så mange som 324 matbutikkar rundt om i Noreg no held ope på søndagar.
LO meiner det vert teke for lite omsyn til dei tilsette og etterlyser ei opprydding i lovverket.
– Det er ingen som bryr seg om dei tusenvis av menneska som er tilsette i bransjen og som på denne måten vert pålagde å jobbe på søndagar. Hadde leiinga i eit helseføretak på same måten tatt seg til rette og utvida arbeidstida med berre ein time hadde vi fått ramaskrik. Hos oss gjer næringa akkurat som dei vil, seier kommunikasjonssjef Ove Magnus Halkjær i LO-forbundet Handel og kontor.
Han får støtte frå Tom Kristiansen, administrerande direktør Rema 1000 Norge.
– Det lovverket som er i dag er urettvist. Anten bør ein ha ein handlefri dag i veka, eller så bør ein ha total fri handel. Slik det er i dag tøyer mange lovverket, og det er vanskeleg å følgje opp, seier Kristiansen.